– Dette er ei anerkjenning eg blir heilt rørt av. Eg er kjempestolt. Det er verkeleg stort for meg, seier prisvinnaren.
Øystein Furevik hadde akkurat sendt inn ein artikkel til nettavisa gamer.no, då det banka på døra hans heime i Furevik utanfor Førde i Sunnfjord. Sjokket var stort då han såg at det var Solveig Barstad. Og juryleiaren kom med overraskande nyhende:
Øystein Furevik er vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar i 2023.
– Eg skjønte det ikkje heilt først. Det var litt sånn «hæ?!?». Så det var dagens sjokk, kan du seie. Og det har nok ikkje sokke heilt inn enno, seier Furevik.
Standhaftig nybrotsarbeid
I grunngjevinga for prisen trekkjer juryen fram at Furevik sidan 2002 har skrive vel 1900 meldingar og artiklar til gamer.no. Tekstane er grundige, lettlesne og fulle av humor. Og dei er alle skrivne på nynorsk, trass i at spelverda er internasjonal og stort sett engelskspråkleg.
– I over 20 år har Furevik standhaftig drive journalistisk nybrotsarbeid på eit område der det er lite norsk og minimalt med nynorsk. Det at Furevik er godt synleg i det viktigaste norskspråklege organet for ein stor og viktig kulturarena, er umåteleg verdifullt for nynorsken, skriv juryen.
– Globalt har spelindustrien ei enorm omsetjing. Han har for lengst vakse seg ut av guteromma og appellerer no til alle kjønn og aldrar. Likevel er den offentlege merksemda liten, og det er magert med grundig journalistikk på feltet. Gamer.no er ei sjeldan svale i norsk samanheng, heiter det vidare i grunngjevinga.
Mange negative kommentarar
Då Øystein Furevik byrja som speljournalist i 2002, fekk han mange reaksjonar på at han brukte nynorsk i artiklar og spelmeldingar. Lesarane var langt meir opptekne av at sakene var på nynorsk enn kva som stod i dei. Det gjekk så langt at ein av dei starta ei avstemming på eit nettforum. Lesaren var ute etter eit forbod mot nynorsk på forumet.
– Heldigvis gjekk resultatet i min favør med god margin. Men det er klart at eg har fått mykje tyn, både på nettforum og på e-post. Og det var særleg mykje i starten, seier Furevik.
Han takkar arbeidsgjevaren for at han fekk støtte til å skrive nynorsk frå starten av. For det hadde han ikkje håp om då han skreiv jobbsøknaden for over 20 år sidan.
– Eg fekk beskjed om at eg kunne skrive nynorsk. Så eg har mykje å takke både gamer.no og dåverande redaksjonssjef Tor-Steinar Tangedal for, seier Furevik.
Føredøme for andre
Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.
Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide i NRK var den første vinnaren. I fjor var det utanrikskorrespondent Roger Sevrin Bruland i NRK som fekk prisen. Årets pris blir delt ut under dei nynorske festspela i Ørsta fredag 9. juni.
NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.