Sidan 1976 har Norge Rundt vore eit fast innslag på NRK. Programleiinga går på omgang mellom dei ulike distriktskontora i NRK, og denne gongen var det Oddgeir Sæle som gjekk sigrande ut av programleiarprøvane.
– Finst det ein betre jobb enn å levere fredagsstemning i NRK? Eg gler meg til å få jobbe saman med flinke folk som har gjort Norge Rundt til det programmet det er i dag, seier den ferske programleiaren.
Sunnmøringen startar i jobben i februar 2023, og blir på skjermen frå mars til juni. Han ser fram til nye utfordringar innan journalistikken. Han er utdanna elektrikar, og arbeidde som dette i ti år før han byrja som nynorskpraktikant våren 2021 (kull 34). Han hadde praksis i NRK Vestland ved kontoret i Førde, og har sidan halde fram som vikar der.
– For oss er Oddgeir eit spennande val. Han har kort erfaring i journalistikken, men er full av energi, pågangsmot og har eit ekstra glimt i auga. Eg trur han blir strålande i Norge Rundt, seier Tone Berge, som er redaksjonsleiar for programmet.
Når Sæle helsar god fredag til stover i heile landet, blir han den fjerde tidlegare nynorskpraktikanten som gjer det. Først ut var Samina Bruket (kull 9), som leia programmet i november 2009 til februar 2010. Martin Torstveit (kull 24) kunne du sjå som programleiar i januar 2020 til juni 2020. Medan Hilde Zahl (kull 13) tok sjåarane med på rundtur i landet frå november 2020 til februar 2021.