– Eg håpar på mange gode nominasjonar. Det vil gje oss eit godt utgangspunkt for å finne ein verdig vinnar også i år. Så det er berre å sende inn forslag, seier Solveig Barstad.
Ho er leiar for juryen til Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Prisen skal gå til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.
Send forslag innan 1. april
Veit du om ein journalist som brukar nynorsk på ein særleg flott måte – eller kanskje på uvanlege saksområde? Har du ein nynorsk-favoritt i lokalavisa di? Eller kanskje du vil heidre ein journalist som i fleire år har vore eit språkleg føredøme?
Send oss forslag til kandidatar ved å klikke på lenka under! Fristen for å komme med forslag er fredag 1. april.
I fjor var det NRK sin utanrikskorrespondent i Berlin, Roger Sevrin Bruland, som fekk den gjeve utmerkinga. Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk.
– Denne merksemda tyder på at eg greier å kommunisere med publikum og at dei set pris på det eg held på med. Om eg blir ein slags ambassadør for nynorsk gjennom det, så er det berre heilt topp. Det er kjekt å kunne bidra til at nynorsk er noko heilt vanleg, sa Roger Sevrin Bruland då han fekk prisen.
- Les meir: Fekk nynorskprisen for journalistar
Nokre av dei nylege vinnarane
På biletet øvst i saka ser du nokre av dei som har vunne prisen tidlegare. Frå venstre er det Jan Zahl (Stavanger Aftenblad), Ingunn Solheim (NRK), Siri Kleiven Strøm (TV 2) og Harald Thingnes (NRK). Også kjende namn som Arill Riise, Linda Eide, Jon Hustad og Ronny Brede Aase har vunne prisen.
Juryen som skal finne fram til ein vinnar er Solveig Barstad (programleiar og journalist i TV2), Jens Kihl (kulturredaktør i Bergens Tidende) og Øystein A. Vangsnes (professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet).
Og du: Skriv ei utfyllande grunngjeving for kvifor kandidaten din bør vinne prisen. Jo betre grunngjeving – jo større er sjansen for at kandidaten din når opp.