Hopp til innhold

Rajoelina oppløyser nasjonalforsamlinga på Madagaskar

Madagaskar sin president Andry Rajoelina oppløyser nasjonalforsamlinga, melder Reuters.

Måndag flykta presidenten landet etter at han hevda å ha blitt utsett for eit attentat, meldte AFP.

Det har den siste tida vore demonstrasjonar i landet. Krav om at presidenten skal gå av aukar frå demonstrantar. Rajoelina påstår at et kuppforsøk er i gang, etter at soldatar og politi slutta seg til demonstrantar i hovudstaden.

Protestane handlar om vassmangel, straumbrot, korrupsjon og ulikskap. Rajoelina tok sjølv makta i eit kupp i 2009.

En soldat i uniform og gevær går sammen med demonstranter i en gate mens de feirer

Hæren og demonstrantar på Madagaskar står saman: Presidenten har flykta frå landet

Mange trur eit maktskifte kan vere like om hjørnet. Presidenten seier han måtte flykte for å redde sitt eige liv.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no