Hopp til innhold

Ny fornærma i Høiby-saka: – Ho syns det er ei påkjenning

– Dette er ei sak politiet har oppretta, og klienten min har ikkje anmeldt saka.

Det seier Lill Vassbotn som er bistandsadvokaten til den sjuande i fornærma i saka mot Marius Borg Høiby.

Onsdag blei det kjent at politiet etterforsker eit tredje seksuallovbrot mot Høiby.

Dette er han ikkje sikta for.

–Ho syns det er ei påkjenning å bli ein del av denne saka, men samarbeider med politet. Ho ønsker ikkje noko merksemd, seier Vassbotn til NRK.

Politet har gitt Høiby besøksforbod overfor henne, opplyser bistandsadvokaten.

Høiby-sak

Etterforskar nytt seksuallovbrot – Høiby lauslaten frå varetekt

Marius Borg Høiby er ikkje lenger fengsla. Det stadfestar advokaten hans.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no