Hopp til innhold

FHI: Korona og influensa aukar

Førekomsten av covid-19 er svakt aukande, medan influensaen framleis er låg, men aukar raskt, ifølge FHIs vekerapport for veke 47.

Auken i influensa skjer no tidlegare enn normalt, og det er venta at sesongens influensaepidemi er i full gang frå siste halvdel av desember, skriv dei i rapporten.

FHI skriv at influensavaksineringa hastar no, særleg blant helsepersonell, eldre og personar i risikogrupper.

Dei rår også til at alle over 65 år og personar i risikogrupper tek ein oppfriskingsdose av koronavaksinen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no