– Eg føler meg som ein forrædar

På studenthyblar i Noreg sit ukrainske studentar og følger med på krigen i heimlandet.

Sosiale medium og nyheiter fløymer over av bilete med skadde og redde menneske, eksplosjonar og militærkonvoiar.

Alt skjer i landet som alltid har vore heimen din.

Sjølv kan du ikkje gjere stort. Ikkje kan du bere våpen eller lage Molotov-cocktails. Og ikkje kan du bestemme kva familien din i det krigsherja landet skal gjere.

Det du kan gjere er å skrive eksamensoppgåva og prøve å skaffe pengar til husleige. Kanskje diskuterer du med familie og venner i Russland. Prøver å overtyde dei om at jo, det er krig.

Dette er røyndomen til mange ukrainske studentar i Noreg no.

– Som ein forrædar

Kvar dag tryglar Yelyzaveta Dovhinka (25) mora i Ukraina om å flykte.

– Eg føler meg som ein forrædar, fordi eg føler det er urettferdig at eg er så trygg, fortel ho.

Portrett av Yelyzaveta Dovhinka. Ho står ute i studentbyen med solskinn bak seg.

25-åringen har ikkje sett familien sidan januar 2020. Først var det på grunn av pandemien. No er det krig.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Torsdag 24. februar vakna ho på studenthybelen i Oslo og sjekka mobilen. Ein SMS frå ei studievenninne som bur i Sverige lyste opp den elles mørke studenthybelen.

Russland angrip Ukraina.

Det var som et slag i magen. Dette er slutten, tenkte ho.

– Eg var så sikker på at det ikkje skulle skje. Eg var hundre prosent sikker.

Timane og dagane som følgde gjekk i eitt. Første prioritet var å kontakte familie og venner. Ho sende meldingar og ringde dei ho kjenner.

Har dei det bra?

Enn så lenge var svaret ja.

Deretter starta kampen om å kome seg gjennom kvardagen. Ein kvardag i fredfulle Oslo. Ein stor kontrast frå bomberomma der heime. Løysinga blei å halde seg oppteken heile tida. Ho brukte all sin energi på å halde seg borte frå den vesle studenthybelen på 12 kvadratmeter.

Jobbe, studere, trene, sove.

Jobbe, studere, trene, sove.

Jobbe, studere, trene, sove.

Yelyzaveta Dovhinka

Dei første nettene etter invasjonen fekk ho sove hos ein venn.

Yelyzaveta Dovhinka

«Det hende også at eg sat og gret for meg sjølv i eit hjørne på jobb.»

Yelyzaveta Dovhinka

Ho ville ikkje vere åleine. Ikkje eit einaste sekund.

Veslebror er igjen

Yelyzaveta jobbar fulltid som dataanalytikar samtidig som ho studerer informatikk ved Universitetet i Oslo. Ho har allereie ein master frå BI i sekken, og har vore i Noreg i fire år.

Mor, far og bror bur i Dnipro. Byen har blitt utsett for fleire eksplosjonar, og seinast natt til fredag 15. mars blei to rakettar skotne mot ein militærleir i nærleiken.

Foreldra til faren budde i Donetsk før dei døde. Området er eitt av to som kom under kontroll av russiskstøtta opprørsgrupper i 2014. Yelyzaveta har også familie i Russland.

Kart over Ukraina 4. april 2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT (OPPDATERT 4. APRIL 2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 04.04.2022

Ho har lenge visst at ho ville studere i utlandet. Valet hennar fall på Noreg på grunn av stipendordningar.

Som ung, singel kvinne meiner ho at ho er på rett plass. Her kan ho vere økonomisk sjølvstendig, og:

– Eg kan jogge rundt Sognsvann med hovudlykt om kvelden utan å vere redd.

Utanfor hybelen går folk forbi. Det skremmer ho ikkje å bu på bakkeplan.

– Det hadde eg ikkje tort i Ukraina.

Yelyzaveta Dovhinka ser alvorleg på personen utanfor kamera. Det ser ut som ho lyttar.

Yelyzaveta hadde eigentleg planar om å besøke Dnipro i mars.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Likevel har ho fleire gode minne frå heimlandet. Det er der ho har vakse opp. Det er der den tre år yngre broren bur saman med foreldra.

Ho smiler når ho tenkjer på forholdet til veslebroren sin. Med åra har det blitt færre kranglar, og dei har kome enda tettare, trass avstanden.

Smilet bleiknar når ho tenkjer på korleis krigen vil påverke han.

Éi stor drivkraft

Yelyzaveta er ein av rundt 150 ukrainske studentar i Noreg denne våren. Saman med fleire ukrainske studentar i Oslo starta ho ei eiga foreining.

Dei ukrainske studentane sit rundt eit bord. På bordet er det fleire pizza-esker og brusflasker. Nokon er alvorlege, andre pratar og smiler saman.

Det er godt å samle fleire i same situasjon. Studentparlamentet har bidratt med stad, mat og drikke.

Foto: Truls A. Antonsen / NRK

Rommet er fylt av mange kjensler. Glede av å sjå nokon andre som verkeleg kan forstå seg på sin eigen situasjon. Forvirring over om dei kan kome fortare fram i psykologkø. Spørsmål om når stipendet regjeringa har lova kjem på konto. Redsel for kjente og kjære. Og energi til å kjempe for det dei trur på.

Utanfrå ser Anastasiya Kryvyak (27) ut som ein student med eit vanleg og fint liv.

Anastasiya Kryvyak

Men på innsida herjar krigen.

Anastasiya Kryvyak

Krigen som ikkje tek slutt.

Ho har familie i Lviv i Vest-Ukraina. Byen ho håpa var den tryggaste staden i landet, har også blitt offer for Putins meiningslause krig. Seinast laurdag 26. mars blei byen ramma av rakettangrep.

Korleis går det med familien din?

– Dei har det bra enn så lenge, men eg må sjekke kvar time, fortel ho.

Anastasiya held fokus på kva ho kan gjere for landet sitt. Det kan vere alt frå å snakke med venner og familie i Ukraina til å samle inn pengar til nødhjelp.

Men mest av alt har Anastasiya éi stor drivkraft: å løfte sanninga.

– Tenk, studer historie og sprei sanninga.

Frå Kyiv

Språkstudenten Oleksandra Dorichenko (25) kjenner på ei maktesløyse.

Oleksandra Dorichenko

Samtidig som foreldra og mormora flyktar frå hovudstaden Kyiv, er Oleksandra i Noreg og kan ikkje gjere noko anna enn å sende oppmuntrande SMS-er og ringe.

Oleksandra Dorichenko

«På ein måte skuldar eg på meg sjølv for at eg ikkje er i Ukraina og ikkje kjempar som dei andre.»

Oleksandra Dorichenko

Da Oleksandra flytta heimanfrå for eitt år sidan hadde ho aldri sett for seg at ho ikkje kunne dra tilbake på besøk. No forsøker ho å leve eit vanleg liv, men uvissa om at ho kanskje ikkje har ein heim i Kyiv gjer alt veldig utfordrande.

Eg veit ikkje om eg klarer dette eigentleg, seier ho om å late som om alt er normalt.

– Den einaste løysinga er at vi vinn

Doktorgradsstudenten Maksym Brilenkov (28) frå Odesa kjenner på det same. Arbeid og søvn er krevjande.

Maksym Brilenkov

Han har sett seg nøydd til å sjukemelde seg.

Maksym Brilenkov

«Det kjennest ut som eg lever eit forskjellig liv kvar dag. »

Maksym Brilenkov

Nokre dagar les han nyheiter om at Ukraina klarer å slå tilbake. Han får eit håp om at det kan gå bra og at familien hans vil vere trygg. Andre dagar er det mørkare. Da blir han usikker. Kan alt gå gale?

Inst inne har han likevel ingen tvil om at Ukraina til slutt vil kome sigrande ut av krigen. Spørsmålet er berre når, og kor mykje skade Russland klarer å påføre heimlandet hans.

– Den einaste løysinga er at vi vinn.

Han fryktar at om Putin ikkje blir stoppa no, kan alt eskalere.

Dette er ikkje ein krig mellom Russland og Ukraina, ein borgarkrig eller kva enn Russland påstår at det er. Dette er ein krig mellom mentalitet og verdiar. Framfor alt mellom demokratiske verdiar og autokrati.

Familiemedlem meiner Russland vil hjelpe

Tilbake i studentbyen surrar tankane i hovudet til Yelyzaveta. No, snart seks veker etter invasjonen, klarer ho å sove åleine på hybelen. Om ho kan er ho borte fram til to om natta, og går helst ut av døra klokka åtte om morgonen. Færrast mogleg timar heime.

Ho held kontakt med familien på SMS. Dei har flytta til ei hytte litt utanfor Dnipro. Mora vil framleis ikkje flykte landet. Ho vil ikkje forlate sonen og mannen.

Yelyzaveta sit på kanten av senga og ser ned på mobilen ho har i handa.

Mora skriv ikkje så mykje om kva som skjer i Dnipro til Yelyzaveta på SMS. Ho trur årsaka er at ho ikkje vil bekymre ho.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Også eit familiemedlem i Russland sender meldingar til Yelyzaveta. Ho prøver å forsikre om at dei russiske styrkane berre skal hjelpe Ukraina. Yelyzaveta har gitt litt opp å prøve og overtyde om noko anna.

Déjà vu

Det er ikkje første gong Russlands makt rammar familien Dovhinka. I 2014 var det faren til Yelyzaveta som måtte trygle foreldra om å flykte frå det som no er kalla folkerepublikken Donetsk. Det var russiskstøtta opprørsgrupper som oppretta han saman med folkerepublikken Luhansk. Besteforeldra nekta å flykte.

Åtte år seinare gjentar skjebnen seg. Denne gongen er det Yelyzaveta som tryglar familien om å flykte. Også ho får nei.

– Det er ei litt sånn déjà vu-kjensle, forklarer ho.

Ho hugsar den siste klemmen farmora nokon gong gav ho. Begge besteforeldra døydde etter 2014. På grunn av opprøra kunne ikkje Yelyzaveta og familien dra i gravferdene.

Det sit i ho.

– Kva er di største frykt?

Stille.

– Å aldri sjå mora mi igjen.