Hopp til innhold

Vil ha brei avtale om klimakutt – så lenge veksten får halde fram

Regjeringa lovar klimatiltak for å nå utsleppsmåla i 2030. Dei tre regjeringspartia vil gjerne ha ein brei politisk avtale om klimakutta. Men det er eitt vilkår: Den økonomiske veksten skal ikkje stoppe opp.

Erna Solberg (H), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Sveinung Rotevatn (V) og Trine Skei Grande (V) samla rundt eit møtebord på Stortinget.

Erna Solberg (H), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Sveinung Rotevatn (V) og Trine Skei Grande (V) ønskjer politisk avtale om tiltak for utslepp av klimagassar, men vil også ha fortsatt økonomisk vekst.

Foto: Håvard Grønli / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I dag legg miljødirektoratet fram «Klimakur 2030» på oppdrag frå regjeringa. Klimakur er ein meny og ei oversikt over ulike klimatiltak og kor mykje dei monnar. Lista skal vise korleis vi innan 2030 kan kutte 45 prosent av nivået på utslepp i 2005. Tiltaka skal peike på det som blir kalla ikkje-kvotepliktig sektor, altså område som transport, landbruk og avfall.

Lovar tiltak som monnar

I eit intervju med NRK understrekar statsminister Erna Solberg lovnaden om å finne tiltaka som bringer Noreg til 2030-målet.

– Vi må nå måla om utsleppskutt. Då må vi fortsette med mykje av det vi gjer i dag, men vi må også kome med nye tiltak.

Solberg meiner «Klimakur» kjem til å peike på både tiltak som er moglege og utfordrande å gjennomføre. Men dersom regjeringa takkar nei til grep frå smørbrødlista som blir presentert i dag, må den finne andre vegar til målet.

– Ja, då må vi finne på andre ting, understrekar Venstreleiar Trine Skei Grande til NRK.

Partileiarane i regjeringa understrekar at dei ikkje har lyst på ein repetisjon av førre forsøk på denne øvinga. Det gjekk nemleg ikkje så bra. For eksempel peika «Klimakur 2020» for ti år sidan på potensialet i karbonfangst og -lagring på ei rekke norske industrianlegg. Men dette har ikkje lete seg realisere. Og klimamåla for 2020 vart ikkje nådd, vedgjekk regjeringa då statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram.

– Vi må finne nok tiltak til å klare å nå både dei årlege måla og 2030-måla, lovar KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad no.

Grønn vekst

Men det er altså eit vilkår. Leiarane i dei tre regjeringspartia har ikkje tenkt å ofre nordmenns levestandard for å nå målet.

– Eg trur at å kome gjennom det grøne skiftet med at folk får dårlegare lønsvilkår, dårlegare velferdsstat og dårlegare liv for seg og familien, det går ikkje. Difor må vi ha grøn vekst, utdjupar nyutnemnd klimaminister Sveinung Rotevatn (V).

Det er ei haldning som provoserer Miljøpartiet dei grøne.

– Eg hadde trudd og håpa at vi no var ferdig med den tida der ein alltid skal sette omsynet til vekst framfor omsynet til klima, seier nasjonal talsperson Arild Hermstad.

Han meiner at ei regjering som legg opp til å prioritere vekst er eit uinteressant utgangspunkt for ein brei politisk avtale om klimapolitikken.

– Vi har hatt to klimaforlik i Noreg og begge har enda i forlis. Vi treng ikkje fleire dårlege kompromiss som er for svake til å løyse klimaproblemet, meiner Hermstad.

Frp skeptisk til brei avtale

Diskusjonen om eit forlik - altså ein brei politisk avtale - starta då Høgres Stefan Heggelund tidlegare denne veka inviterte til breitt politisk forlik i samband med framlegginga av «Klimakur».

– Eg ville synest det var bra med eit breitt forlik, for det gir størst fart framover. Men det er mange vanskelege saker som kjem på bordet når vi startar å diskutere dette, så eg er ikkje sikker på at vi får det til, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

I Stortinget forventar det ferske opposisjonspartiet Frp å bli snakka med dersom regjeringa vil inngå ein politisk avtale om klimatiltak.

Talsperson i energi- og miljøkomiteen, tidlegare samferdsleminister Jon Georg Dale, er fornøgd med det dei tidlegare regjeringskollegaene seier om vekst, men han er tvilande til om det vil vere grunnlag for ein klimatiltaksavtale der alle partia på Stortinget er med.

– Eg trur det er vanskeleg å sjå for seg eit politisk forlik med for eksempel SV og MDG, parti som vil hindre vidare vekst og sette arbeidsplassar i fare.

SV-leiar Audun Lysbakken avviser på si side ikkje at det er mogleg å få til både vekst og klimakutt.

– Vi er nøydde til å få ein økonomi som ikkje er basert på bruk og kast, vi må ha vekst på fornuftige område og slutte å gjere det som er øydeleggande for miljøet.

AKTUELT NÅ