Politiet tok ein omveg då dei frakta Delta-styrkane til Utøya. Det forsinka truleg pågripinga av Anders Behring Breivik.
Politiet innrømmer å ha nytta ein lang veg og ein dårleg båt då dei skulle frakta den nasjonale beredskapstroppen til Utøya kvelden då massakren fann stad. Biletet viser Delta-styrken då den endeleg kom i land.
Stabssjef Johan Fredriksen meiner politistyrken improviserte på ein god måte då problema oppstod på veg til Utøya.
Foto: NRK
Tok tre km lang omveg
Delta-styrken la frå kai i ein gummibåt ved kaien på Storøya. Med båt er avstanden herifrå til kaien på Utøya 3,64 kilometer.
Til samanlikning er det berre 675 meter avstand til Utøya dersom ein tek båt frå småbåthamna i Utvika.
Stabssjef Fredriksen opplyser at det var Nordre Buskerud politidistrikt som bestemte Storøya som oppmøtestad for Delta-stykane:
– Det er vanleg praksis at beredskapstroppen ber om oppmøtestad i lokalt politidistrikt, som kjenner sitt eige distrikt og har det som heimebane. Då blei dette punktet (Storøya, journ.anm.) avtalt, og beredskapstroppen møtte opp der dei hadde fått beskjed om.
Biletet til venstre viser ruta som politiet valde. Alternativet var å ta båt frå Utvika - ein nesten tre kilometer kortare sjøveg.
Foto: Illustrasjonskart / NRK
Gummibåten fekk motorstopp
På spørsmål om beredskapstroppen heller burde ha drege direkte til Utvika, seier Fredriksen at dette er eit spørsmål som klart høyrer heime i den kommande evalueringa av korleis dei ulike etatane handterte situasjonen då terroren råka den 22.juli.
Politiet har tidlegare fått kritikk for ikkje å ha teke i bruk politiet sitt helikopter, Det stod på bakken fordi det var fellesferie, og ingen pilotar var tilgjengeleg. I etterkant har politiet forklart at dette helikopteret uansett ikkje er laga for å frakta store politistyrkar med tunge våpen.
Den raude gummibåten som dermed skulle frakta politiet til Utøya var dessutan ikkje laga for så mange som ti personar og tungt utstyr. Kort tid etter at den la frå kai, begynte gummibåten å ta inn vatn og fekk motorstopp.
Ein campingturist som hadde nytta båten sin til å redda skrekkslagne ungdommar opp av sjøen vart redninga.
Då beredskapstroppen omsider gjekk i land på den velse øya der blodbadet fann stad, gjekk operasjonen raskt. Klokka 18.27, berre to minutt etter landgang, vart Behring Breivik arrestert.
Sjå amatørvideo frå kaiområdet på Storøya 22.juli.
– Det er den vesle beredskapsbåten som Nordre-Buskerud har. Båten fekk tekniske problem, men fekk raskt bistand frå andre båtførarar og improviserte undervegs på ein svært god måte, seier Fredriksen, som rosar beredskapstroppen for måten dei handla på:
– Dette er uansett ein vanskeleg situasjon der ein ikkje har faste ressursar i alt av innlandsfjordar til bruk for politiet. Her må ein gjera det beste ut av vanskeleg situasjon. Det meiner eg dei løyste på ein god måte.
Stabssjefen vil ikkje spekulera i kor mykje tid spesialstyrken kunne spart dersom dei hadde køyrt rett til Utvika og hatt ein stor nok båt liggande klar der.
– Det blir spekulasjonar. Det må me sjå om det er mogleg å seia noko om i gjennomgangen som no følgjer. Den optimale løysinga er sjeldan til stades. Me må velja det som er mogleg utifrå dei faktiske forholda på staden der og då, seier Fredriksen.