Hopp til innhold

Tidlegare finansminister Per Kleppe er død

Tidlegare finansminister Per Kleppe er død, 97 år gammal. Han blir hugsa som ein av finansministrane med størst innverknad i etterkrigstida.

Per Kleppe

I sine seks år som finansminister var Per Kleppe den lengstsittande finansministeren i Noreg på 1900-talet.

Foto: Vidar Knai / NTB

Per Kleppe døydde etter kort tids sjukeleie, 97 år gammal. Det skriv Arbeidarpartiet i ei pressemelding.

– Det var med vemod vi tok imot meldinga frå familien om Per Kleppes bortgang. Han var ein av dei viktigaste Arbeidarpartipolitikarane i førre hundreår, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre i meldinga.

Han skriv at Kleppe med klokskap la føringar for forvaltninga av dei norske oljeinntektene, og bidrog til å halde arbeidsløysa i Noreg nede gjennom 1970-talet.

– Noreg har mykje å takke han for, seier Støre.

«Kleppe-pakken»

Kleppe var statsråd i tre Arbeidarpartiregjeringar. Han blir særleg hugsa for åra som finansminister i Trygve Brattelis og Odvar Nordlis regjeringar på 1970-talet. Han er blant dei mest innverknadsrike finansministrane etter krigen.

I dei seks åra han var finansminister gjorde han fleire viktige vegval i den økonomiske politikken. Etter den internasjonale oljekrisa i 1973 såg Kleppe det som viktig for staten å engasjere seg for å hindre aukande arbeidsløyse.

Tiltakspakkane fekk tilnamnet «Kleppe-pakkar». Dei var omstridde, men fungerte etter planen, og hindra inflasjon.

Per Kleppe

Per Kleppe stilte ofte opp på pressebilete som illustrerte politiske tiltak. Her er han avbilda i 1975 med rundt 10 millionar kroner i tusenlappar i forbindelse med ei ekstraløyving på 2 milliardar kroner til sysselsettingstiltak. I 1979 fekk Kleppe «Snill Gutt»-statuetten til Pressefotografenes klubb. Prisen går til ein person som ofte er i fokus, men som møter pressefotografane med eit smil.

Foto: Paul Owesen, / NTB

Per Kleppe var utdanna samfunnsøkonom, og var statssekretær i Finansdepartementet mellom 1957 og 1962.

Han var også handels- og skipsfartsminister frå 1971 til 1972, og planleggingsminister frå 1979 til 1981.

Han har også leia fleire offentlege utval, og frå 1981 til 1988 var han generalsekretær i EFTA.

St. Olavs orden

Kleppe skreiv også fleire bøker om økonomi, og hadde fleire politiske og offentlege tillitsverv.

Per Kleppe blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Sigbjørn Johnsen og Per Kleppe

Per Kleppe (t.h.) saman med dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen i 2010.

Foto: Berit Roald / NTB

Han fekk også ei rekke andre lands ordenar, blant annan storkors av den portugisiske Kristus-ordenen, Det jugoslaviske flaggs orden med gullstjerne i halsband, storkors av Finlands løves orden og storkors av den svenske Nordstjerne-ordenen.

Per Kleppe er den lengstsittende norske finansminister på 1900-tallet og blir sett på som en av de mest markante og dyktige personer som har sittet i denne sentrale posisjonen. Han forteller om hele sitt liv fra barndom til dramatiske opplevelser under krigen og til en lang politisk karriere.

Per Kleppe er den lengstsittende norske finansminister på 1900-tallet og blir sett på som en av de mest markante og dyktige personer som har sittet i denne sentrale posisjonen. Han forteller om hele sitt liv fra barndom til dramatiske opplevelser under krigen og til en lang politisk karriere.

AKTUELT NÅ