Hopp til innhold

Ronny Brede Aase går til Discovery

– Det er litt vemodig at han skal ut på nye eventyr, seier Daniel Ramberg, fungerande redaktør i P3.

Ronny Brede Aase fra NRK smiler og ser inn i kamera.

UT PÅ NYE EVENTYR: Ronny Brede Aase.

Foto: Daniel Rørvik Davidsen / NRK

Discovery skriv i ein pressemelding at Ronny Brede Aase blir å sjå på Discovery+ og TV Norge i framtida.

Han skal arbeida med ein nyutvikla TV-serie hjå Discovery.

– Discovery har invitert meg med på eit fjernsynskalas eg ikkje ville gå glipp av. Eg elskar Kjør meg til OL, MasterChef og Hvite Gutter, og synest det er skikkeleg stas å skulla få vera med på laget. Eg har fått lov til å gjera så mykje kjekt på fjernsyn i NRK og er evig takksam for det, men då Discovery banka på med ein nyutvikla serie med hygge i fokus, vart eg rett og slett freista, seier Ronny Brede Aase til Discovery.

Også sambuaren Tuva Fellman gjekk frå NRK til programleiarjobb for Naked Attraction i Discovery.

– Vemodig

Ronny Brede Aase byrja i NRK i 2007, og har vunne fleire prisar for innsatsen sin som programleiar, blant anna i P3morgen.

Dei siste åra har han gjort fleire programleiarjobbar på TV, og har leia store direktesendingar og hadde tidlegare i år stor sjåarsuksess med serien Eit feitt liv.

– Ronny er jo ein strålande programleiar og ein endå betre kollega som vi er stolte av å ha hatt i NRK sidan han var 19 år. Så det er sjølvsagt litt vemodig at han skal ut på nye eventyr, seier Daniel Ramberg, fungerande redaktør i P3.

Han seier samstundes at han forstår at Brede Aase ynskjer å prøva noko anna etter mange år i NRK.

Daniel Ramberg

Daniel Ramberg, fungerande redaktør i P3

Foto: Caroline Lytskjold

Ramberg seier at NRK framleis har planar om å laga radio og podkast med Aase.

– Slik at alle vi som elskar å høyra på Ronny kan halda fram med det, seier han.

Til Discovery seier Aase at han nok ikkje kjem til å klara å halda seg unna radioen på sikt.

– Men nett no gler eg meg enormt til å fokusere på å lage fjernsyn med ein gjeng eg har djup respekt for, og som eg gler meg til å bli betre kjend med, seier han.

– Gler oss

– Ronny Brede Aase er ein fantastisk fyr som har begeistra heile Noreg gjennom radio og TV i snart 15 år. Han er knakande flink og har eit nærvær og eit humør som smittar. Vi gler oss veldig til å jobba med han på denne nye programserien.

Det seier programdirektør Magnus Vatn i Discovery og TVNorge. Han meiner Aase passar som «hand i hanske» i Discovery si satsing på godt, lokalt innhald.

– Det er for tidleg å gå i detalj om den nye programserien som blir utvikla no, men vi ser fram til å presentera den skikkeleg når tida er inne, seier programdirektøren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT