Hopp til innhold

Politiet vil saksøkje Samvirkelaget

Politiets Fellesforbund vurderer å saksøkje gruppa Samvirkelaget for ærekrenking.

 

Arne Johannessen er leiar for Politiets Fellesforbund
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dette er klart etter at tingretten i Trondheim i går sa nei til å stanse CD-en til Samvirkelaget der dei namngir ein politimann for valdsbruk.

Leiar i PF, Arne Johannessen, er skuffa over avgjerda i tingretten, og seier at det no er aktuelt å saksøkje gruppa for æreskrenking.

Tingretten såg ikkje grunn til å stanse CD-en, men seier samstundes at det å ofentleggjere namnet på politimannen er ærekrenkande.

 Den omstridde låta handlar om hendinga der Eugene Eijke Obiora vart pågripen av politiet på Østbyen servicekontor i Trondheim 7. september i fjor, der Obiora under uklare omstende miste livet.

Fire polititenestemenn var involverte i hendinga. Av desse er altså ein namngitt av Samvirkelaget.

Avgjerda i Trondheim Tingrett kom seint i går kveld. Arne Johannessen seier den endelege avgjerda om å ta ut søksmål om ærekrenking vil bli teke på eit styremøte i PF førstkomande torsdag.

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger