Hopp til innhold

Mannskapet i Tsjernobyl-kraftverket er skifta ut

Liudmyla Kozak var på jobb då russiske styrkar tok kontroll over atomkraftverket i Tsjernobyl. – Det var ingen stader å sova, me sov i stolar.

Tsjernobyl-ansatt Liudmyla Kozak tørker vekk tårer med eit lite papirlommetørkle

FEKK IKKJE DRA: Liudmyla Kozak var på jobb på atomkraftverket i Tsjernobyl i 25 dagar i strekk under russisk kontroll.

Foto: EBU

Mannskapet ved atomkraftverket i Tsjernobyl har blitt bytt ut to gonger sidan russiske styrkar invaderte Ukraina 24. februar, rapporterer det internasjonale atomenergibyrået IAEA.

Første gong under russisk kontroll den 20. til 21. mars. I går var andre gong.

Dei russiske styrkane kontrollerte kraftverket i fem veker før dei trekte seg ut den 31. mars.

Sidan då har dei tilsette arbeidt under vanskelege forhold og konstant stress.

Generaldirektøren i IAEA, Rafael Grossi har vore tydeleg på at det er viktig at mannskapet i Tsjernobyl kan utføra jobben sin utan unødig stress, og at dei har moglegheit til å dra heim for å kvila.

Det har dei blitt nekta under russisk kontroll.

Atomkraftverket i Tsjernobyl i Ukraina

Satellittbilete av atomkraftverket i Tsjernobyl, Ukraina, frå 10. mars i år.

Foto: Maxar Technologies / AP

– Jobba, jobba, jobba

Liudmyla Kozak var på vakt då dei russiske styrkane invaderte atomkraftverket.

– Alle fekk ordre om å ta arbeidsposisjon. Sidan då har me aldri forlate arbeidet, og jobba, jobba, jobba.

Mannskapet laga sine eigne vaktplanar, slik at alle fekk nokon timar kvile innimellom. På natta var ein person på jobb, medan dei andre sov. Morgonen etter var det tilbake på jobb.

– Det var ingen stader å sova, me sov i stolar. Nokon sov på golvet, nokon på ein stol, nokon på eit bord.

Eit bilete av ein sarkofag (NSC) som blei sett opp rundt reaktor 4 ved kjernekraftverket i Tsjernobyl i 2016 for å hindra yttelegare utslepp. Biletet er teke 7. april 2022.

I 2016 starta bygginga av ein «sarkofag», ein konstruksjon som er bygt over reaktor 4, som skulle hindra vidare utslepp. Konstruksjonen var ferdigstilt i 2019. Reaktor 4 eksploderte i april 1986, og førte til den verste kjernekraftulykka i historia. Bildet er frå 7. april 2022.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Maten blei det mindre og mindre av etter kvart, men ho fortel at dei ikkje ville ta imot mat frå russarane.

Kozak seier at dei russiske styrkane brukte kraftverket til rekreasjon. Til å ete, sova og vaska seg.

– Ingen vil bomba her.

Kart over krigen i Ukraina 11. april 2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 12.04.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 11.04.2022

INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 12.04.2022)

Grafikk: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK 11.04.2022

Russarane hjelpte til under straumbrot

Ifølge IAEA er fleire laboratorium øydelagde og viktig måleutstyr for radioaktivitet er anten øydelagde, forsvunne eller stolne.

– Dei var sjokkerte av utstyret vårt, seier Kozak.

Ho fortel at russarane konfiskerte både våpen og utstyr ved atomkraftverket.

Den 9. mars blei kjernekraftverket råka av eit totalt straumbrot.

For å kjøla ned atombrensel som er lagra i det nedlagde atomkraftverket treng dei tilførsle av energi.

Kozak fortel at dei fortalde russarane at dei berre hadde 14 timar på seg før heile kraftverket ville eksplodert.

Tilsett ved kjernekraftverket i Tsjernobyl, Liudmyla Kozak

Liudmyla Kozak, tilsett ved kjernekraftverket i Tsjernobyl.

Foto: EBU

Ifølge IAEA var ikkje straumbrotet kritisk for tryggleiken på Tsjernobyl-kraftverket.

Seinare på dagen kunne avisa Kyiv Post informera om at kraftverket ville ha straum i 48 timar til etter at dei fekk på plass nye forsyningar frå eit dieselaggregat.

Russarane frakta diesel frå Hjomel. Nok til å halde kraftverket gåande i tre dagar, ifølge Kozak.

– Dei ønskte å leva. Derfor redda dei oss også.

Då dei endeleg fekk lov å forlata kjernekraftverket, møtte dei så vidt mannskapet som skulle ta over.

– Det var berre ein klem, orda «hald ut» og så ønskte me dei alt godt. Det var all vår kommunikasjon.

– Me takka dei, me takka dei veldig for å koma.

AKTUELT NÅ