Hopp til innhold

Melby: – Omsynet til helse det viktigaste

Barnehagane skal opnast igjen førstkomande måndag. I dag presenterte kunnskapsminister Guri Melby (V) den varsla smitterettleiaren for barnehagane.

Oslo øst under koronakrisen

Barnehagane skal opnast igjen førstkomande måndag. I dag vart den nye smitterettleiaren for barnehagane lagt fram.

Foto: Thomas Brun

Du kan lese rettleiaren her: Smittevernveileder for barnehager

Guri Melby lovar at det no er trygt å sende borna sine tilbake til barnehagen. Ho fortel at det ligg klart i botnen at ingen sjuke personar skal vere i barnehagen.

– Det overordna målet er at alle borna skal kome tilbake i barnehagar og skular før sommaren, vi veit kor viktig skule og barnehagar er for born. Samstundes så tilseier smittesituasjonen at vi må ha ei forsiktig og gradvis gjenopning. Det nye i dag er denne rettleiaren som skal bidra til at vi kan opne barnehagar på ein forsvarleg måte og hindre smittespreiing, sa kunnskapsministeren blant anna.

Utan symptom

Videre tiltak for å håndtere koronapandemien. Utdanningsminister Guri Melby.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) lovar at det er trygt å sende borna tilbake til barnehagen frå 20. april.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Borna skal berre møte i barnehagen når dei ikkje har symptom på sjukdom. Har dei hatt symptom på luftvegsinfeksjon, og ikkje er smitta av koronaviruset, kan dei kome tilbake etter å ha vore symptomfrie i eitt døgn. Dette gjeld også for dei tilsette.

Har born symptom på pollenallergi, så kan dei møte om dei elles er friske.

Ifølgje rettleiaren skal borna i barnehagane vere maks tre i kvar gruppe i aldersgruppa 1-3 år, medan det kan vere seks born i kvar gruppe for dei over tre år.

Ho gjer det klart at rettleiaren er bygd på god forsking om born og smitte.

– Det nye i dag er at vi kjem med ein rettleiar for korleis vi kan opne barnehagane på ein trygg måte, der vi førebyggjer smitte. Rettleiaren gir råd om korleis ein kan unngå smitte, og kva born og foreldre i risikogruppene skal gjere. Seinare i veka vil det kome forskrifter som forklarar korleis barnehagane kan innføre tilpassingar, dersom særlege forhold eller smittevernomsyn krev det, seier Guri Melby.

Melby opplyser at det kan bli aktuelt å ha kortare opningstid enn normalt i barnehagar, slik at det kan vere fleire tilsette når det er flest born der. Det er også mogleg at ein del barnehagar må styre betre når foreldra leverer og hentar borna.

– Det er opp til kvar enkelt barnehage å finne ut kva som er viktigast for sin barnehage for å sikre at det er nok tilsette på jobb, klargjer kunnskapsministeren.

God hygiene og mindre kontakt

Line Vold, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Line Vold er avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Avdelingsdirektør i FHI, Line Vold, sa på den same pressekonferansen at det er grunnleggjande at sjuke born og vaksne ikkje skal vere i barnehagane, og at det må leggjast til rette for god hygiene og avgrensa kontakt i barnehagen.

Vold la også vekt på at sjølv om det skal vere færre samlingar i barnehagen, så er det viktig at dei tilsette framleis må sikre borna sine behov for kontakt og omsorg, slik at dei kjenner seg trygge i den nye situasjonen.

Det er Folkehelseinstituttet (FHI) og Utdanningsdirektoratet som har hatt hovudansvaret for å jobbe fram rettleiaren, som skal gi føringar på korleis barnehagane skal setje i verk smittehindrande tiltak.

Direktør Hege Nilsen i Helsedirektoratet opplyser at dei har lagt til grunn for rettleiaren den bemannings- og arealnorma som også i dag regulerer barnehagene.

– Det står også i rettleiaren koreleis ein kan organisere i mindre gruopper og at to og to grupper kan samarbeide, og at ein då kan gjere seg nytte av den fleksibiliteten som to tilsette gir, sa ho på pressekonferansen.

Sjå teiknefilmane frå Utdanningsdirektoratet

Hyppig handvask

Både Private Barnehagers Landsforbund (PBL) og kommuneorganisasjonen KS har kome med innspel til rettleiaren. Ei ekspertgruppe har tidlegare foreslått tiltak som tidleg isolering av sjuke, meir utetid og hyppigare handvask.

Også Unicef og WHO har vore involverte i arbeidet.

PBL seier til NTB at det viktigaste for dei er klare føringar når det gjeld gruppestorleik og kontakt-reduserande tiltak. Dersom borna skal delast inn i små grupper, så kan dette føre til problem med bemanninga.

Også Norsk barnelegeforeining har vore på høyringslista for rettleiarane som skal gjelde for opninga av skular og barnehagar. Leiar Kari Elisabeth Selvaag er glad for at barnehagane skal opnast igjen.

– Utgangspunktet vårt er at born og unge ikkje har vist seg å ha ein særleg risiko for forløp av covid-19. Det er vi glade for, for vi veit at epidemiar tidlegare har teke svært mange unge menneskeliv. Dette er eit virus som born og unge i veldig liten grad blir sjuke av, og det er svært få born som har blitt alvorleg sjuke, seier ho.

Plakat frå Utdanningsdirektoratet

AKTUELT NÅ