NRK Meny
Normal

– I praksis vert det eit fengsel for Behring Breivik

Å vere innelåst ved den strengaste psykiatriske institusjonen i Noreg vil i praksis vere som eit fengsel, seier psykiatrispesialist Kjersti Narud.

rapport

Den 242 sider lange rapporten frå rettspsykiatrane konkluderer med at Anders Behring Breivik er utilrekneleg.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

Overlege og psykiatrispesialist Kjersti Narud

Overlege og psykiatrispesialist Kjersti Narud seier at målet for behandlinga ved ein psykiatrisk institusjon er å gi Breivik innsyn i kva han har foreteke seg.

Foto: Jonas Sætre / NRK
Knut Magnus Berge

Knut Magnus Berge i NRK meiner det no kan utvikle seg ein konflikt mellom Breivik og forsvarar Lippestad.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Rettspsykiatrane har vurdert Anders Behring Breivik som psykotisk i planlegginga og gjennomføringa av terrorhandlingane 22. juli, basert på blant anna omfattande samtalar med Breivik.

Han vil dermed bli friteken frå straff og bli overførd til eit psykiatrisk sjukehus for behandling.

– I praksis vil dette vere svært likt som fengselsstraff, seier overlege og psykiatrispesialist Kjersti Narud.

Behandling på Dikemark

Helse Sør-Øst blir ansvarleg for å skaffa behandlingsplass til Behring Breivik. Den regionale tryggingsavdelinga på Dikemark i Asker ligg under Oslo Universitetssjukehus og er truleg den mest aktuelle staden å overføra massemordaren til.

På Dikemark er det fleire tilsvarande pasientar til behandling, pasientar som krev mykje tilsyn. Den store graden av tryggleik på institusjonen vil gjere at skilnadene frå ei fengselsstraff blir minimale, psykiatrispesialist Narud.

– Vil dette vere som eit fengsel i praksis?

– Det er korrekt, svarar Narud.

– Kva vil målet for behandlinga vere?

– Målet er å gi han innsyn i kva han faktisk har gjort. Meininga er ikkje å straffe han, men å sjå etter at han får den hjelpa han har behov for, og å verne samfunnet mot ein person med såpass bisarre vrangførestellingar.

Det mentale sjukehuset vil ta stilling til om han får tilgang til media og besøk.

Det er uvanleg at personar som gjer alvorlege forbytingar blir erklært utilrekneleg.

– Det har vore rundt 360 alvorlege kriminalsaker i 2010, og 20 prosent av gjerningsmennene vart funne utilreknelege i gjerningsaugneblinken. Så det er ikkje veldig vanleg, poengterer kommentator i NRK, Knut Magnus Berge.

Retten må ta stilling til om Behring Breivik framleis er utilrekneleg kvart tredje år. Dersom han på eit tidspunkt blir erklært frisk, vil han måtte sona resten av straffa si i fengsel.

Ville ikkje vere utilrekneleg

Det er eit ope spørsmål om forsvararane skal prosedere på at han er utilrekneleg eller ikkje.

– Det er eitt av dei store spenningsmomenta no. Me har vore vitne til ein kraftig omdreiing i saka. Her kan det bli ein stor usemje mellom forsvarar og klient.

Den terror-sikta har sjølv sagt til forsvararane sine at han fryktar karakterdrap i rapporten. Han ser på seg sjølv som frisk og tilrekneleg.

– Det kan i ytste konsekvens føre til at Behring Breivik vil byte forsvarar, seier NRK-kommentator Berge.

Rettspsykiatrane har brukt svært lang tid på å prate med Anders Behring Breivik. Dei 13 samtalane har teke totalt 36 timar, langt over det vanlege gjennomsnittet som er på to timar.

Rapporten dei har skrive på bakgrunn av sine observasjonar er på heile 230 sider, mot ein normal rettspsykiatrisk rapport på 70-100 sider. Breivik-rapporten er truleg den største rapporten av denne typen i noregshistoria.

Erklæringa er laga av svært erfarne rettspsykiatrar, kommenterer psykiatrispesialist Narud.

Kor vanskeleg er det å kome fram til ein konklusjon i slike saker?

– I nokre saker er det vanskeleg og i andre saker er det enklare. Ein jobbar systematisk og nyttar diagnostiske instrument som er etterprøvbare. Det er ikkje slik at ein skyt i lufta. Det er presis diagnostikk som dannar bakgrunnen for ein slik konklusjon.

Stort sett samarbeidsvillig

Dei sakkunnige har i tillegg til å prate med Breivik i fengselet, også lest gjennom 130 timar med politiavhøyt og studert den medisinske historikken hans.

Behring Breivik skal ha vore samarbeidsvillige med dei sakkunnige, med unntak av å gjennomgå ei MR-undersøking.

Denne undersøkinga kunne ha vist misdanningar i hjernen, som til dømes ein svulst. Dette kan vere årsaka til psykotiske handlingar hos unge personar.

Knut Magnus Berge trur ikkje heile rapporten blir offentleg tilgjengeleg. Vanleg prosedyre er at rapporten eventuelt blir tilgjengeleg under rettssaka.

Utfordring å kvalitetssikre

Professor Tarjei Rygnestad er leiar for Den rettsmedisinske kommisjonen som skal vurdere om sakkunnig-rapporten om Anders Behring Breivik er i tråd med god norsk rettspsykiatrisk praksis, og om vurderingane heng på greip fagleg sett.

Han seier at oppgåva blir utfordrande og at gjennomgangen kan ta lengre tid enn vanleg.

– Me skal sørgje for ein fagleg kvalitetssikring av rapporten, det blir ei stor utfordring. Spørsmåla er om premissane og konklusjonen er haldbare, seier Rygnestad.

Normalt tek det ein månads tid å vurdere ein rettspsykiatrisk rapport. Ifølgje statsadvokat Svein Holden vonar dei å vera ferdige med gjennomgangen før jul, men den omfattande Breivik-rapporten kan ta noko lengre tid.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger