Hopp til innhold

Klimarapport varslar auka temperatur dei neste fem åra

Gjennomsnittstemperaturen vil truleg vere høgare over nesten heile verda dei neste fem åra enn den har vore dei siste tiåra. Temperaturen aukar særleg mykje i Arktis.

Barn koser seg i den ekstreme junivarmen utenfor Verkhojansk i Sibir.

VARMARE I ARKTIS: Oppvarminga i Arktis vil vere dobbelt så høg som det globale gjennomsnittet. Denne sommaren har Sibir opplevd ei kraftig hetebølgje.

Foto: Olga Burtseva / AP / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det kjem fram i ein rapport frå Verdas meteorologiorganisasjon (WMO). Rapporten er eit samarbeid mellom forskarar frå ti land. Frå Noreg har forskarar frå Bjerknessenteret, Nansensenteret og Universitetet i Bergen bidratt.

Ifølgje rapporten blir den globale gjennomsnittstemperaturen i perioden 2020-2024 truleg minst 1 grad høgare enn i førindustriell tid. Varselet gjeld alle regionar på jorda, med unntak av nokre område i Sørishavet.

Vidare kjem det fram at store landområde på den nordlege halvkule i 2020 vil vere 0,8 grader varmare enn i nær fortid. Dette vert definert som snittet av temperaturen i åra 1981-2010. Samstundes vil oppvarminga i Arktis vere dobbelt så høg som det globale snittet.

– Enorm utfordring

– Denne rapporten viser den enorme utfordringa vi står ovanfor når vi skal møte målet frå Parisavtalen om å halde temperaturauken dette hundreåret godt under 2 grader, seier generalsekretær Petteri Taalas i WMO i ei pressemelding.

Petteri Taalas er generalsekretær i Verdas meteorologiske organisasjon.

HANDLING: Generalsekretær Petteri Taalas i WMO etterlyser handling på klimafeltet.

Foto: Carlo Allegri / Reuters

Rapporten tek ikkje omsyn til endringar i utslepp som følgje av koronaviruset. Taalas seier den lange levetida CO₂ har i atmosfæren gjer at ein reduksjon i utslepp i år ikkje vil føre til at den atmosfæriske konsentrasjonen av CO₂, som driv temperaturauken, går ned.

– WMO har gjentatte gongar sagt at den industrielle og økonomiske nedgangen som følgje av covid-19 ikkje kan erstatte vedvarande og koordinert handling på klimafeltet, seier han.

– Medan covid-19 har skapt ei alvorleg internasjonal helsemessig og økonomisk krise, kan ei svikt i å takle klimaendringar truge menneskeleg velferd, økosystem og økonomi i fleire hundreår.

– Heilt naudsynte

Rapporten er basert på såkalla klimaprediksjonar. Desse tek både omsyn til menneskeleg påverknad og naturlege variasjonar i klimaet på kort sikt.

Francois Conillon, ein av forskarane som har bidrege til rapporten frå Noreg, meiner modellane dei har brukt kan redusere usikkerheita når ein skal varsle endringar i klima på kort sikt.

– På denne måten kan vi varsle komponentar i klimasystemet som endrar seg sakte. Det er eit nytt forskingsfelt med enormt potensial, seier han.

Noel Keenlyside, leiar for klimavarslingseininga ved Bjerknessenteret, seier denne rapporten er viktig fordi den viser at WMO anerkjenner betydninga av slike varsel.

– Slike varsel vil vere heilt nødvendige for avgjerder i eit vidt spenn av offentleg og privat verksemd, og vil bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling, seier han.

I tillegg til temperatur ser rapporten også på kva ein kan vente av vind og regn dei neste åra. Mellom anna vert det vist til avvik i lufttrykket ved havnivå i Nord-Atlanteren. Desse kan føre til sterkare vestavind i området, som igjen kan gje fleire stormar i Vest-Europa.

AKTUELT NÅ