Hopp til innhold

Full forvirring om pass og BankID

Medieoppslag om BankID og legitimering med pass har skapt forvirring hos norske bankkundar. Tom Staavi i Finans Norge forsikrar at det berre er eit fåtal kundar som må legitimere seg med pass for å halde fram med å bruke BankID.

Finans Norge, Tom Staavi

Informasjonsdirektør Tom Staavi i Finans Noreg seier det berre er eit fåtal bankkundar som må legitimere seg på nytt med pass.

Foto: CF Wesenberg / Finans Norge

Det starta med eit oppslag i Adresseavisen, så kom det også på NTB og på E24. Her gjekk det fram at ei ny Kvitvaskingslova gjer at norske bankar vil krevje pass for at kundane skal kunne logge seg inn med BankID.

Her står det blant anna det gjeld alle norske bankar, og at fleire hundre tusen kundar må stikke innom banken sin med pass for å kunne halde fram med å bruke BankID. Fristen skulle vere berre to veker.

Stor pågang

BankID

I løpet av dagen var pågangen så stor til bankane at Finans Norge la ut ei presisering av lovverket på nettsidene sine .

Tom Staavi, informasjonsdirektør i Bank Norge, gjer det klart at dette kjem til å gjelde eit fåtal kundar. Han stadfestar at reglane er skjerpte på grunn av den såkalla Kvitvaskingslova, som er basert på fleire EU-direktiv.

Lova blir også kalla for KYC-lova. KYC står for «Know Your Customer» («Kjenn kunden din»).

Staavi fortel at dette er ein grunnleggjande føresetnad for alt arbeid mot økonomisk kriminalitet, kvitvasking av pengar, terrorfinansiering. Ved at banken er 100 prosent sikker på kven kunden er, så er sjansen mindre for at dei kan gjennomføre ulovlege transaksjonar.

– Del av samfunnsansvaret

– Passet er i dag den einaste statlege legitimasjonen vi har her i landet, og det er årsaka til at kundane må legitimere seg med pass. Det å jobbe mot kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet er ein del av samfunnsansvaret til banknæringa, seier Staavi til NRK.

Han opplyser at BankID vart lansert i 2004. Kravet om pass-legitimering kom i mars 2007, og då var det cirka 700.000 brukarar som hadde legitimert seg på andre måtar enn med pass. Mange av desse har seinare legitimert seg på nytt, og mange av dei vil ikkje få spørsmålet fordi banken alt har god kjennskap til kunden.

Det er i dag 4,4 millionar brukarar av BankID her i landet.

Det er ulik praksis hos norske bankar. Sparebanken1 SMN, som har hovudkontor i Trondheim, valde å varsle kundane det gjeld gjennom nettbanken, e-post og SMS. Her fekk dei to veker på seg for å ta kontakt med banken.

– Frå 2007 har styresmaktene kravd at pass skal liggje til grunn for kundeforholdet. det betyr at vi har godkjent legitimasjon før dei vart kundar etter 2007, men at vi enno manglar for ein del av dei som vart kundar i banken før dette, sa kommunikasjonsdirektør Hans Tronstad i Sparebanken 1 SMN til Adresseavisen.

Vil finne løysingar

Stein-Vidar Loftås

Stein-Vidar Loftås er kommunikasjonssjef i Sparebanken Nord-Norge.

Foto: Mariela Idivuoma / NRK

Kommunikasjonssjef Stein Vidar Loftås i Sparebanken Nord-Norge stadfestar at dei er i gang med ein prosess med å stadfeste identiteten til ein del kundar.

– Det gjeld ein del kundar, ikkje så mange, der vi ber om å høyre frå dei. Vi sende ut brevet før jul og gav dei ein frist til 18. januar med å ta kontakt, med beskjed om at kundeforholdet i verste fall kan bli mellombels sperra om dei ikkje gjer det, seier Loftås til NRK.

Han presiserer at banken er innstilt på å finne løysingar, og det viktigaste i første omgang er å kome i kontakt med kundane det gjeld. Han har ikkje nøyaktig oversikt over kor mange kundar dei har sendt ut brev til, eller kor mange som har svart innan fristen.

– Berre nye kundar

Kommunikasjonsrådgivar Cecilie Skjenndal i den største banken her i landet, DnB, som har rundt to millionar kundar, seier at mange har teke kontakt med banken etter å ha lese om Sparebanken1 i Trondheim.

Ho gjer det klart at dette med å måtte identifisere seg med pass for å bruke BankID berre gjeld nye kundar, ikkje dei som alt har eit kundeforhold til DnB.

Kommunikasjonssjef Tone Skotheim Gjerdsbakk i Sparebanken Møre seier at banken ikkje har sendt ut noko kollektiv melding til kundar om dette. Ho seier banken held seg til dei råda Finans Norge gir.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger