Hopp til innhold

Forskar kritisk til spekulasjon om eit Ukraina-kompromiss: – Moralsk tvilsamt

Nupi-forskar Karsten Friis var til stades på paneldebatten på Arendalsuka, der Stian Jenssen la fram eit mogleg kompromiss-scenario etter krigen i Ukraina.

ETT ÅR SENERE: Stian Jenssen ved Natos hovedkvarter i Brussel.

STABSSJEF FOR JENS STOLTENBERG: Stian Jenssen har ei viktig rolle på Nato-sjefen sitt kontor, men snakka ifølge debattdeltakarane i rolla som tryggingsekspert på Arendalsuka.

Stabssjefen til Nato sin generalsekretær blir sterkt kritisert av Ukraina etter utsegna hans under ein debatt på Arendalsuka.

Ifølge VG sa han at ein mogleg måte å oppnå fred i Ukraina på, er ved at dei ukrainske styresmaktene gir frå seg delar av territoriet sitt i bytte mot eit Nato-medlemskap.

NRK har prøvd å få Jenssen til å utdjupe desse kommentarane, men han har ikkje svart på førespurnadane våre.

Seniorforskar Karsten Friis ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) deltok på debatten med Jenssen.

Karsten Friis

Friis er i Nupi si forskingsgruppe for tryggleik og forsvar.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Han seier til NRK at han i augneblikket tok avstand frå diskusjonen om eit eventuelt ukrainsk kompromiss.

– Eg kommenterte tilbake i går, ganske tydeleg, at eg ikkje synest at vi skal ta slike diskusjonar i det offentlege rom.

– Eg meiner også at det er litt sånn moralsk tvilsamt, at vi skal drive å inngå kompromiss på vegner av Ukraina, vi som sit trygt i Noreg.

Friis meiner ein ikkje høyrer slike spekulasjonar frå ukrainsk side av ein grunn.

Stian Jensen og Sissel Kruse Larsen, Nato

Her er Nato-stabssjef for Jens Stoltenberg, Stian Jenssen ved ei tidlegare anledning. Til høgre er Stoltenberg sin kommunikasjonsrådgivar Sissel Kruse Larsen.

Foto: Simen Ekern

– Dei tenker også sjølvsagt: «Kva skjer dersom vi ikkje får det til? Korleis skal vi rigge oss til då?» Men det kan du ikkje gjere i offentlegheita.

– Eg meiner at krigen må gå sin gang. Vi er ikkje så vane til å tenke slik i Noreg, kanskje, men krigen blir avgjord på slagmarka.

Meiner Jenssen blei sitert ute av kontekst

Kommentarane frå stabssjefen til Nato sin generalsekretær blei sagt i ein diskusjon av «moglege scenario» for Ukraina etter krigen, seier Janne Haaland Matlary,

Ho var også til stades under debatten som Jenssen uttalte seg i, i regi av Atlanterhavskomiteen.

Janne Haaland Matlary.

Janne Haaland Matlary er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

– Dette vil eg med ein gong påpeike er ei fullstendig medieskapt krise. Dette var ein debatt mellom meg, Jenssen og Friis.

– Vi hadde ein fagleg akademisk debatt om strategi, framtida til Ukraina og forholdet til Nato.

I denne konteksten snakka altså ikkje Jenssen «på vegner av Nato med synspunkt som er forhandla fram i Nato», meiner Matlary.

– Han er ein ekspert på tryggingspolitikk som deltok i debatten.

– Det er ganske pussig at når ein stiller opp og er villig til det som sentral ekspert i Nato, så får ein skikkeleg juling.

Diskuterte «fire moglege scenario»

Paneldebatten tok opp fire moglege scenario som Matlary har formulert om korleis Ukraina kan ta omsyn til Nato og Vesten når krigen er over.

I dette augneblikk ser det ikkje veldig sannsynleg ut at Ukraina vinn og tek tilbake alle sine territorium, ifølge henne. Derfor gjekk debatten også ut på alternative utfall for krigen.

– Det Jenssen påpeika, som er heit rett og noko Ukraina bør merke seg som ein veldig positiv ting, er at det ikkje er slik at Russland kan halde ein frosen konflikt i live og dermed stoppe Nato- eller EU-medlemskap for eit land.

Ukrainian servicemen fire a BM-21 Grad multiple launch rocket system towards Russian troops near a front line in Donetsk region

Matlary seier det er usannsynleg at Ukraina vil klare å ta tilbake alle territorium i krigen, sjølv om dette er scenariet som Nato ønsker.

Foto: STRINGER / Reuters

– Dersom det ikkje blir ei forhandling, så er altså poenget til Jenssen og til oss andre at det er moglegheiter for Ukraina vis-a-vis Nato sjølv om dei ikkje har ei forhandla løysing.

Ho seier vidare at Ukraina blir «rasande» at ein diskuterer noko anna moglegheit enn å fullstendig gjenopprette grensene dei hadde før Russland okkuperte Krim i 2014.

– Det forstår eg godt, for dei står i ein krig og har strategisk kommunikasjon å ta vare på.

Etterlyser ei avklaring frå Jenssen

Katarzyna Zysk er professor ved Institutt for forsvarsstudium. Ho meiner det som blei uttalt av Jenssen ikkje var på vegner av Nato.

– Han er rådgivar og har tette diskusjonar med leiinga, men dette er berre eit uttrykk for at ein vurderer ulike løysingar og tenker høgt.

Katarzyna Zysk

Zysk er professor i internasjonale relasjonar og samtidshistorie ved Institutt for forsvarsstudium.

Foto: Forsvaret

– Det hadde vore fint med ei avklaring. Det er viktig at Jenssen kan sette dette utsegna i sin rette kontekst.

Zysk seier vidare at dersom Russland kjem ut av krigen i Ukraina med meir enn då dei starta, vil det vise at «krigen lønar seg».

– Det ville vere ei svært negativ løysing for Ukraina, men også Europa og resten av verda.

– Når ein føreslår dette som ei mogleg løysing, så trur eg ein svekker den ukrainske forsvarsposisjonen. Ein gir frå seg noko allereie før ein har sett seg ved forhandlingsbordet.

Jenssen har sagt ja til eit intervju med NRK tidleg onsdag ettermiddag. Der vil han kommentere utsegna sine i debatten.

AKTUELT NÅ