Hopp til innhold

Ny svensk lov kan gje Nobel-utdelinga til Sverige

Ei ny svensk lov kan føra til at framtidige Nobelprisvinnarar tek imot fredsprisen i Sverige og ikkje i Noreg.

Lederen av Noblelkomiteen Thorbjørn Jagland (t.h.) og Nobelinstituttets direktør Geir Lundestad

Ei ny svensk lov som regulerer verksemda i stiftingar kan føra til at Noreg mistar retten til å velja ut fredsprisvinnaren, ifølgje ein svensk dommar. Heilt utenkjeleg, meiner direktøren for Nobelinstituttet i Noreg, Geir Lundestad (t.v.).

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Nobelpriskomiteen får refs frå fleire hald for å tolka Alfred Nobels testamente for vidt i seinare tid.

Fleire prisvinnarar har skapt debatt, og fleire meiner komiteen ikkje følgjer Nobels vilje, ettersom det står i testamentet frå 1885 at prisen skal gå til «dei som det føregåande året gjorde mest for menneskeætta».

No kan ei ny svensk lov føra til at Nobelkomiteen mistar retten til å peika ut prisvinnaren, skriv svenske Aftonbladet på nett og Dagens Nyheter.

– Den svenske siftinga har ansvaret for prisutdelinga

Ettersom Nobelprisstiftinga er svensk, er den underlagt svensk lov. Fram til 1996 eksisterte det ingen lovar som regulerer stiftingar i Sverige.

Ifølgje den nye lova har styret i stiftinga eit samla ansvar for fredsprisutdelinga.

– Loven overkøyrer Nobels testamente. Styret kan ikkje delegera ansvaret sitt til ulike komitear. Då risikerer dei å bli ståande ansvarlege dersom nokon har innvendingar mot avgjerda, seier ein av dommarane som var med på å utforma den nye lovtektsten, Henning Isoz, til Aftonbladet.

Heilt utenkjeleg, svarar Geir Lundestad, direktøren for Det Norske Nobelinstituttet.

– I testamentet står det klart og tydeleg at prisen skal delast ut av Noreg, seier han.

Kan gå til svensk høgsterett

Den juridiske striden skal i første omgang opp i det svenske Länsstyret som tilsvarar det norske fylkestinget. Sannsynet er høgt for at prosessen går heilt opp til svensk høgsterett, ifølgje Aftonbladet.

Ifølgje Lundestad har den norske nobelkomiteen ingen planar om å endra sine rutinar for korleis dei tolkar Nobel sitt testamente.

– Me har ikkje dårleg samvit. Me meiner at me tolkar Nobel sine intensjonar på korrekt vis i ei moderne tid, seier direktøren.

Årets fredsprisutdeling går av stabelen den 10. desember.