US-STUDENTS-ACROSS-THE-COUNTRY-ORGANIZE-WALKOUTS-IN-PROTEST-OVER
Foto: JIM YOUNG / AFP

Werther-effekten

Kan ei gammal bok frå 1700-talet forklare kvifor unge menn plutseleg blir massedrapsmenn?

20. april 1999 gjekk tenåringane Eric og Dylan inn på skulen sin, Columbine High School i Colorado, og skaut og drap 12 medelevar og ein lærar.

Nesten 20 år seinare kunne magasinet «Mother Jones» rapportere om 74 ulike angrep eller planar om angrep i USA der gjerningsmennene var direkte inspirert av Columbine-massakren. 53 av angrepa vart stoppa før nokon vart skada, 21 vart gjennomført og kravde til saman 89 amerikanske menneskeliv.

I 13 av tilfella hadde gjerningsmennene eit tydeleg mål om å klare å ta livet av fleire personar enn forbilda ved Columbine klarte.

Våpenparadokset

I Noreg ristar vi på hovudet av den amerikanske våpenkulturen kvar gong vi høyrer om ein ny skyteepisode i USA. Forståeleg nok, når eit land med over 320 millionar innbyggjarar faktisk har fleire våpen enn menneske.

Men ifølge Ari Schulman, redaktør for tidsskriftet «The New Atlantis», så er det ikkje nødvendigvis berre mengda våpen som er hovudproblemet.

Han peikar på at våpenrelaterte drap har hatt ein jamn nedgang sidan 90-talet, samtidig som skytemassakrar har hatt ei kraftig auking. Det er også færre våpen per husstand enn tidlegare, og medan skytemassakrar er eit relativt nytt fenomen (den første i 1966), så har USA vore glad i våpen heilt frå starten av.

– Eg argumenterer verken for eller imot om strengare våpenlover kan bidra til å redusere frekvensen eller dødelegheita av skytemassakrar, men eg tvilar på om fråværet av slike lover er hovudårsaka til problemet, seier Schulman i ein e-post til NRK.

Men om ikkje tilgangen til våpen er hovudproblemet til alle dei brutale hendingane som har tapetsert massemedia over heile verda dei siste åra, kva er problemet da?

Schulman hevdar ein tysk roman frå 1700-talet kan setje oss på sporet.

Smitta av Werther

I 1774 kom Johann Wolfgang von Goethe ut med romanen «Den unge Werthers lidingar». Boka vart ein enorm suksess og selde i store opplag over heile Europa.

Lesarane identifiserte seg med Werther, ein ung mann med djup kjærleikssorg, som til slutt enda opp med å ta sitt eige liv. I gatene kunne ein sjå unge menn gå rundt med same klede som romankarakteren, i gule bukser og blå jakker.

Så kom sjølvmordsbølgja.

Young Goethe in love

ULYKKELEG KJÆRLEIK: «Den unge Werthers lidingar» var ei svært sjølvbiografisk bok, men i motsetning til romankarakteren valde forfattaren å leve vidare med kjærleikssorga. Dette bildet er henta frå filmen «Young Goethe in Love» frå 2010.

Foto: KOLJA BRANDT / Music Box Films

Rapportane strøymde inn frå heile Europa, om unge menn som valde å ta liva sine på same måte som Werther. Boka vart forboden i fleire land, også i Noreg. I det andre opplaget av romanen måtte Goethe skrive følgande åtvaring på tittelbladet: «Vis deg som ein mann, og ikkje følg meg etter».

Samanhengen mellom Goethes roman og sjølvmordsbølgja var slåande, men fenomenet vart ikkje ordentleg etterprøvd før i 1974. Då publiserte professor David P. Phillips ein forskingsartikkel som tydeleg påviste smitteeffekten sjølvmord hadde gjennom media.

Eit døme på dette var at sjølvmordsraten i USA gjekk opp med 12 prosent månaden etter Marilyn Monroes død.

I 1987 tok ei gruppe austerrikske forskarar affære. T-banespora i Wien hadde blitt ein svært vanleg stad å ende sine dagar, og dei lokale media dekkja dei dramatiske hendingane med store oppslag.

Forskarane overtalte journalistane til å forandre mediedekninga. Dei begynte å avgrense bildebruk og skildringar. Dei unngjekk romantisk språk og forsøk på å forklare motiva bak handlingane. Dei aktuelle artiklane vart flytta lenger bak i avisene og ordet «sjølvmord» vart fjerna heilt frå overskriftene.

Ikkje lenge etter hadde trenden snudd, og talet på dødsfall ved t-banenettet i Wien gjekk ned med 75 prosent.

I dag har mediehus over heile verda strenge retningslinjer for korleis ein omtalar sjølvmord.

Men kva med dei sjølvmorda der personar tek med seg andre menneske i døden?

USA-GUNS/

EI KRAFTIG AUKING: Fire av dei fem dødelegaste skytemassakrane i amerikansk historie har skjedd dei siste fem åra, og 2017 var det verste året av dei alle.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

– Motivert av media

I 2004 skreiv rettsmedisinsk psykiater Paul E. Mullen frå Australia ein lang artikkel basert på fleire samtalar med massedrapsmenn som overlevde åtaka sine. Han kunne finne fleire likskapsteikn mellom dei ulike åtakarane:

Det er som oftast snakk om ein person, nesten alltid ein ung mann, som går inn i eit område med mange personar. Han er tungt væpna, og begynner ofte med å sjå seg ut nokre få konkrete offer, før han går over til å berre skyte vilt rundt seg.

Gjerningsmannen planlegg ofte angrepa i mange månadar på førehand. Han er svært strukturert, og overlevande frå slike angrep fortel at drapsmannen ikkje verkar rasande eller ute av fatning, men heller kald og kalkulert.

Han har sjeldan ein fluktplan og ender som regel opp med å ta livet sitt eller å bli drepen av politiet.

I boka «Serial Murderers and Their Victims» frå 2009 skreiv Eric W. Hickey, dekan ved California School of Forensic Studies, at massedrapsmennene sjeldan har vore valdelege tidlegare i livet. I staden utfører dei ei siste og endeleg handling som blir eit medium for å kringkaste eit siste utsegn i eller om livet – ofte er det ein kritikk av samfunnet, utan nokon spesifikk politisk agenda.

Offentleg eksponering og det å nå ut med eit bodskap står igjen som dei viktigaste motiva for massedrapsmannen.

Med andre ord er omtale i media ein svært viktig motivasjonsfaktor. Men kva har dette med Werther-effekten å gjere?

I 2015 undersøkte matematikaren Sherry Towers, frå Arizona State University, smitteeffekten av massedrap. Ho fann ut at i perioden etter store masseskytingar kor fire eller fleire mista livet, så var sjansen større for at det kom til å skje igjen innan 13 dagar etter hendinga.

Ho fann ut at sjansen for nye massedrap auka med opp til 30 prosent innanfor denne perioden.

Året etter publiserte psykologen Peter Langman, som har studert skulemassakrar i over ti år, eit skjema som viser korleis dei ulike drapsmennene har blitt påverka av kvarandre. Resultata er ikkje å ta feil av.

Drapsmennene let seg tydeleg inspirere av å høyre om tidlegare massakrar.

Frykt, sjokk og avsky

Ari Schulman, redaktøren frå The New Atlantis, var sjølv student då ein ung mann på Virginia Tech-universitetet utførte den til da blodigaste massakren i amerikansk sivil historie. Han seier han enda kan hugse den intense kjensla av frykt, sjokk og avsky, og ikkje minst den maniske interessa media hadde for å undersøke drapsmannens ord og liv.

Ari Schulman

FANEBERAR: Ari Schulman har i fleire år engasjert seg for strengare retningslinjer rundt mediedekninga av massedrap. Sjølv om han begynner å sjå resultat, meiner han framleis det er ein lang veg å gå.

– Eg hugsar spesielt dårskapen til NBC då dei viste videomanifestet frå drapsmannen på nyheitene. Då eg seinare vart journalist lærte eg å undersøke det vitskaplege grunnlaget for min tidlegare intuisjon, seier Schulman.

Redaktøren, som av mange er regna som konservativ, har skrive fleire kronikkar for til dømes The Wall Street Journal og Time Magazine i eit forsøk på å endre media sine retningslinjer for korleis dei dekkjer massedrap. Han har også skrive eit opent brev til New York Times der han kritiserer avisa for å trykke svært spesifikke detaljar om korleis drapsmennene har gått fram.

Og Schulman begynner etter kvart å sjå resultat frå det langvarige engasjementet.

Fleire nyheitsankarar har gått ut og sagt at dei skal gjere sitt beste for ikkje å glorifisere drapsmennene. I fleire nyare artiklar blir smitteeffekten diskutert, noko som blant anna har leda til at politiet no vurderer å ikkje gå ut med ein video frå ein bombemann frå Austin. Likevel er dette framleis snakk om unntak frå regelen, og mediedekninga av slike saker har framleis ikkje endra seg nemneverdig.

Men kva med Noreg, korleis er praksisen her?

I Noreg har psykolog Anders Gravir Imenes engasjert seg for å få på plass rettleiingar for korleis massedrap skal bli behandla i media. Han viser også til forskinga i USA, og er klar i si sak:

– Akademia er heilt sikre på at dette har ein kausal effekt. Korleis har den norske pressen tenkt å stelle seg til dette, spør Imenes.

Etikksjef i NRK, Per Arne Kalbakk, seier at omtale gjennom media alltid kan ha ein viss smitteeffekt, og at ein til og med kjenner til at personar har kopiert innbrotsmetodar frå Donald Duck. Men han meiner likevel smitteeffekten ved massedrap ikkje er heilt samanliknbar med Werther-effekten.

– Massedrapseffekten er foreløpig i all hovudsak er eit nasjonalt problem i USA, medan effekten ved sjølvmord kryssar landegrenser i større grad, forklarar Kalbakk.

Psykolog Imenes svarer at det er ingen grunn til å tru at smitteeffekten skulle verke annleis i andre land, og at sjølvmordsepidemiar også treff på ulike måtar. Han har likevel ingen konkrete forslag til kva som eventuelt skulle vore gjort annleis.

– Det er jo eit kjempeproblem viss folk føler at media sensurerer. Men eg skulle ønskje dei kunne kome saman og snakke om dette. Er det noko dei kan gjere, er det noko dei kan endre på? Det er nok ikkje mi oppgåve som akademikar å finne ut. Eg trur dei sjølv er best egna til å reflektere over dette, konkluderer Imenes.

Ari Schulman derimot er sjølv redaktør, og har kome med fleire forslag til korleis mediehusa kan dekke slike episodar betre. Her er nokre av dei:

  • Gå aldri ut med propaganda. Bortsett frå sjølve handlinga, er det ikkje noko som er større for massemordaren enn å sjå sine eigne klagar bli kringkasta ut til verda.
  • Skjul namn og ansikt. Med unntak av dei større aksjonane, så vil det å skjule identiteten fjerne mykje av motivasjonen for å bli berykta.
  • Ikkje spekuler rundt motivet for ugjerninga. Medan dei fleste av massemordarane har opplevd vanskelege hendingar i livet, så har dei sjeldan vore av alvorleg art, og gjerningsmennene er flinke til å fokusere på kor urettferdig dei har blitt behandla av samfunnet. Berre det å snakke om motiv, kan gi ei oppfatning om at ein kan rettferdiggjere desse handlingane.
  • Unngå blodige detaljar. Detaljar frå hendinga kan gjere abstrakte frustrasjonar om til konkrete fantasiar. Unngå grundige oppsummeringar av kva som har skjedd, skildringar av kleda til gjerningsmannen, ord som har blitt sagt, fakter eller kva slags våpen som har blitt brukt.
  • Ingen foto eller video av hendinga. Bilde, som til dømes frå overvakingskameraet av gjerningsmannen på Columbine-skulen, kan bli ikoniske og spreie seg rundt heile verda.
  • Snakk om offera, men unngå bilde av sørgande familiar. Få merksemda vekk frå massemordarane utan å forsterke dei sterke reaksjonane som dei håpar å oppnå.
  • Reduser dekninga. La lokal presse ta seg av dei mindre hendingane og reduser dekninga av dei større. Det høyrest utilfredsstillande ut, men om ein behandlar slike hendingar som meir vanlege lovbrot, så kan det føre til at dei blir mindre vanlege.
  • Fortel ei anna historie. Det er ein dempande effekt på sjølvmordsraten når media fortel historier om folk menneske som vurderer å ta liva sine, men som får hjelp i staden. Dyktige journalistar kan finne historier om potensielle massemordarar som revurderte planane sine.

– Viktig å diskutere

– Råda frå Schulman minner mykje om råda om sjølvmordsomtale, som vart utarbeida av Verdas helseorganisasjon og ulike organisasjonar som jobbar med sjølvmordsførebygging, seier Redun K. Nybø, ass. generalsekretær i Norsk Redaktørforening, i ein e-post til NRK.

Nybø meiner forskinga frå USA er interessant og tankevekkjande, og at det er viktig å diskutere dei etiske problemstillingane rundt saker som dette.

Reidun Kjelling Nybø byline

RÅDGJEVAR: Reidun K. Nybø har skrive boka «Fra tabu til tema» om sjølvmord i media. Ho har god kjennskap til smitteeffekten, og meiner mange av råda for sjølvmordsomtale også kan vere relevante for dekninga av drapssaker.

Foto: Picasa

– Mange av dei råda som vi pleier å gi journalistar og redaktørar når det gjelder sjølvmordsomtale – reduser detaljnivået, ta atterhald, tenk gjennom bildebruk – kan også bli overført til for eksempel dekning av drapssaker, seier Nybø.

Norsk Redaktørforening utelukkar heller ikkje at dette kan bli eit område det er naturleg å sjå på med tanke på framtidige rettleiarar, men at oppfordringar har mykje sterkare effekt tydelege påbod eller forbod.

– Eg har ofte sett eksempel på råd som kjem med peikefinger og manglande forståing for redaktøren si sjølvstendige rolle, og manglande kunnskap om grunnleggjande presseetikk. Dialog og kunnskapsdeling er rette vegen å gå – både frå media si side og frå dei som har kompetanse om eventuelle smitteeffektar av medieomtale, konkluderer Nybø.