Fagott Majorstuen
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

La fagotten leve

Liann (11) og Mantas (11) er svært sjeldne.

Fagotten er på lista over utryddingstrua musikkinstrument i Noreg. Det er den gøymde perla midt i orkesteret. Eit langt og rart blåseinstrument som knapt nokon kjenner, men som alle har høyrt lyden av. For fagotten har ei viktig rolle i norsk musikk. Til dømes då han saman med kontrabassen leiar oss gjennom første minuttet av Edvard Grieg sitt ikoniske stykke – I Dovregubbens hall.

Men situasjonen til fagotten er kritisk og i fjor oppdaga Peter Tornquist, rektor ved Noregs musikkhøgskole, noko urovekkande. Skulen har i lang tid nesten ikkje hatt søkjarar på fagott, og dei få som søkjer er som regel utanlandske. Grunnen til dei lave søkjartala blir etter nærmare undersøkingar innlysande: Nesten ingen norske barn eller unge spelar fagott.

Fagottistane i Noreg er i ferd med å døy ut. Instrumentet vil nærmast vere fråverande i norsk musikkliv om utviklinga fortset, og til dei større orkestera vil fagottistane bli ein rein utanlandsimport.

Noko må skje, men først er det verdt å undersøke kvifor så få spelar instrumentet.

Munnstykket gjennom halsen

– Fagott er ikkje eit nybegynnarinstrument, seier Peter Tornquist då eg møter han på rektorkontoret på Noregs musikkhøgskole.

Medan det før var meir vanleg å begynne å spele eit instrument då ein var 12 eller 13, er det no vanleg å begynne allereie i seks-sju årsalderen. Då kan eit blåseinstrument på 1,3 meter vere vanskeleg å handtere. Fagotten er heller ikkje eit typisk skulekorpsinstrument, og prislappen på 33 000 kroner gjer ikkje instrumentet meir attraktivt.

I tillegg har eg høyrt eit skummelt rykte som eg lurar på om rektoren kan stadfeste.

Peter Tornquist

VART BEKYMRA: I 2016 slo Peter Tornquist alarm om dei låge søkjartala til blant anna fagott på Musikkhøgskolen. No er det sett i gang ein nasjonal kampanje for å auke rekrutteringa.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

– Då eg var liten fortalde barneskulelæraren min at nokon ein gong hadde døydd etter å ha fått munnstykket til fagotten gjennom halsen?

– Det er ei klassisk vandrehistorie, seier rektor Tornquist og ler.

– Men du har høyrt ho du også?

– Ja, men det stemmer ikkje. Det er sikkert mogleg å skade seg, men det kan du like godt gjere med å få ein kontrabass over deg.

Så er han kanskje ikkje livsfarleg likevel, men fagotten har eit par faktorar som talar mot seg. Den viktigaste av alle er kanskje mangelen på kjennskap til instrumentet.

Utryddingstrua

– Det er viktig å synleggjere instrumentet. Mange veit jo ikkje ein gong kva ein fagott er, seier direktøren for Valdres sommersymfoni, Alf Richard Kraggerud, på telefon.

Etter at musikkhøgskolen slo alarm i fjor gjekk Valdres sommersymfoni i bresjen for den nasjonale rekrutteringskampanjen – Instrument i fokus – for å betre forholda til fem utryddingstrua musikkinstrument i Noreg: harpe, kontrabass (med boge), kyrkjeorgel, obo og fagott.

– Det er svært få som spelar desse instrumenta. Kyrkjeorgel er litt meir populært, men der er behovet enda større, seier Kraggerud.

– Kor mange spelar fagott?

– Vi anslår at det er ein stad mellom 20 og 40 i heile landet, i alle alderstrinn opp til høgskulenivå.

Med andre ord ligg fagotten si framtid i hendene til ei svært lita gruppe unge fagottistar. Til samanlikning finst det no over 1800 ville pandabjørnar i Kina – eit dyr som lenge har vore sjølve symbolet for utryddingstrua dyreartar. Det er om lag like mange fagottspelarar per nordmann som bjørnar per kinesar, men fagotten har ikkje like søte auge. Nok om det.

Panda

POSTER-BOY: Har fagotten blitt den nye pandaen? Medan det no finst over 1800 ville pandabjørnar i Kina har vi ein stad mellom 20 og 40 fagottistar i heile Noreg, i alle alderstrinn opp til høgskulenivå.

Foto: Tim Flach

Den einaste fagottisten i klassa

Eg tek turen til Majorstuen skole i Oslo. Her har skulen, i samarbeid med Barratt Due musikkinstitutt, eit eige grunnskuleprogram for unge musikktalent, og i eit øvingsrom i tredje etasje finn eg noko så sjeldan som ein ung fagottist – Liann Haaland på elleve og eit halvt år.

– Før spelte eg saksofon, men då eg ville begynne på «Musikk på Majorstuen» måtte eg bytte til eit orkesterinstrument. Då fekk eg prøve både obo og fagott, og eg syntest fagotten var kulast, seier Liann medan ho held det lange blåseinstrumentet i hendene.

– Kan du tenkje deg å ein dag spele fagott på fulltid?

– Eg veit ikkje enda. Det er både pluss og minus med å vere musikar og jobbe i orkester, men eg vil uansett ha det som ein hobby.

Liann er den einaste fagottisten i klassa, og då kan ein lett kjenne seg litt einsam til tider. Men til hausten skal det kome ein ny gut i klassa som også spelar fagott. Og i dag skal dei møtast for aller første gong – i høve ein fotoseanse med NRK.

Inspirert av Vivaldi på Youtube

Medan eg står og snakkar med Liann stikk Mantas Adomavicius hovudet inn døra. Han kjem opphavleg frå Litauen, men flytta med familien til Lommedalen for to år sidan. Også han er i utgangspunktet saksofonist, men begynte å spele fagott for nokre veker sidan. Til hausten blir han klassekamerat med Liann på Majorstuen skole.

– Du kjem til å like deg i klassa vår, vi er nesten berre jenter, seier Liann etter ho har helsa på sin nye medelev.

– Kva gjorde at du ville begynne å spele fagott, spør eg Mantas.

– Pappa viste meg ein Youtube-video av ein gut som spelte ein av Vivaldi sine fagottkonsertar. Eg syntest det var veldig kult og ville begynne å spele det, svarar Mantas.

Medan Liann har ein vanleg fagott i full størrelse, har Mantas eit mindre instrument, som er meir tilpassa for barn. Men til hausten lovar fagottlæraren, Alessandro Caprotti frå Italia, at også Mantas skal få bruke ein fagott i full størrelse.

Liann Haaland og Mantas Adomavicius

FRAMTIDA: Liann Haaland og Mantas Adomavicius spelar fagott saman for første gong. Til hausten begynner dei i same klasse på Musikk på Majorstuen skole.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Tre tiltak for å redde fagotten

Liann og Mantas på Majorstuen skole gir håp til ein bekymra musikkhøgskulerektor, men dei er likevel berre to små stjerner på ein bekmørk fagotthimmel. Kva må til for å redde instrumentet?

Rektor Tornquist kan fortelje om tre ulike tiltak som er sett i gang gjennom kampanjen «Instrumenter i fokus» for å betre forholda til fagotten og dei fire andre utryddingstrua instrumenta:

1. Meir pengar: Først handlar det om å få tilgang til instrumenta, også i barnestørrelsar.

2. Freiste med å prøve noko nytt: Det andre leddet er å få barn og unge som allereie spelar eit instrument til å prøve eit anna instrument. Til dømes er ikkje overgangen frå saksofon til fagott veldig stor.

3. Inspirasjon & fellesskap: Det tredje er så skape dialog på og mellom dei ulike nivåa. I vinter hadde «Instrumenter i fokus» ei samling for fagottspelarane i Noreg. Dei er ikkje mange, men vi har to-tre generasjonar fagottlærarar som framleis er aktive. Plutseleg fekk dei unge talenta spele med solofagottisten i Filharmonien. Det skapar ein smitteeffekt.

(Her kan du lære meir om dei fem utryddingstrua instrumenta i Noreg.)

Dagny – talentet alle håpar på

Fagotten går framleis ei uviss framtid i møte, og om rekrutterings­kampanjen kjem til å lukkast vil berre tida vise. Men fleire små lyspunkt begynner allereie å dukke opp og eit av dei største talenta møter eg i kjellaren til Oslo-Filharmonien.

Dagny Mehus

HÅPET: Dagny Mehus har spelt fagott i fem år og blir spådd ei lysande framtid som orkestermusikar.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Fleire auge følgjer spent med på 15-åringen Dagny Mehus frå Asker. Ho har allereie spelt fagott i fem år og blir spådd ei lysande framtid som orkestermusikar.

– Eg kjenner jo litt på presset, men det er framleis veldig gøy, så eg gjer berre det eg har lyst til å gjere, seier Dagny etter ei øving med læremeisteren Roman Reznik frå Ukraina.

Dagny er fullstendig klar over den alvorlege situasjonen til instrumentet sitt, og har følgande oppfordring til alle lesarar som no sit og vurderer om: «Kanskje fagott er noko for meg?»

– Fagotten er veldig fin å høyre på, og det er skrive mange bra solostykke til han. Behovet er stort, og du kan difor få moglegheit til å vere med på mykje!

PS: Også Dagny var opphavleg ein evnerik saksofonist før ho vart lokka til å begynne med fagott. Det er dermed tydelege indisium på at saksofonen har blitt eit «inngangsdop» til eit tyngre og moglegvis heftigare instrument.

SJÅ: Dagny Mehus (15) under ein konsert på Voksenåsen i februar 20017.

Anbefalt vidare lesing:

 Kronprins Haakon etter oppføringen av barneoperaen Max and Moritz av Gisle Kverndokk i New York.

I NEW YORK: Kronprins Haakon.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

Høg kultur – låg status. Kronprinsen smilte breitt etter oppføringa av barneoperaen «Max and Moritz» av Gisle Kverndokk i New York i 2010. Eit smil «ingen» såg. Les saken