Hopp til innhold

Ynskjer fleire barnehus

Stadig fleire barn som har vore utsett for overgrep blir avhøyrt og får hjelp ved eit barnehus. Nå blir det etterlyst fleire slike tilbod.

Barnehuset Hamar

I dette rommet på barnehuset i Hamar blir stadig fleire avhøyrt.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

Barnehusa vart etablert for at barn som har vore utsett for overgrep skulle sleppe å bli sendt rundt til fleire etatar for å få hjelp.

Her skal barnet føle seg trygg nok til å kunne fortelje om det vonde dei har opplevd medan dommarar, forsvararar, politiadvokat og bistandsadvokat sit i eit anna rom og høyrer på.

– Dei som avhøyrer barna er spesialutdanna politifolk. Det er lagt til rette for å gje barna tid, og dei får også tilbod om samtaler, fortel fagleg leiar ved Statens barnehus på Hamar, Kari Rostad.

Ein møter eit hyggeleg personale og ungane føler seg tryggare. Det er viktig at barnet klarar å fortelle det dei har opplevd, viss ikkje blir saka ofte henlagt.

Bistandsadvokat Inger Marie Støen

Sprengt kapasitet

Fleire tusen barn som har vore utsett for overgrep har vorte avhøyrt i barnehus rundt om i landet dei siste fem åra. I alt finst det seks slike tilbod rundt om i landet, og i fjor vart 1600 barn avhøyrt ved staten sine barnehus.

Kari Rostad

Kari Rostad er fagleg leiar ved barnehuset i Hamar.

Foto: Halvor Mykleby / NRK

– Det har vorte større fokus på overgrep. Ein kjem tidlegare inn i sakene og det er meir opplysingar om det, seier Rostad.

Ved barnehuset på Hamar tek dei imot barn frå fire langstrakte politidistrikt. Til tider tek dei seg av så mange saker at kapasiteten er sprengt, og ofte må dei gjere to dommaravhøyr samtidig.

For fem år siden ble det etablert såkalte Barnehus flere steder i landet der barn som er utsatt for overgrep både blir avhørt og får videre oppfølging. Før måtte barna til politistasjonen eller i tingretten for å fortelle historien sin. Nå er det stor økning i bruk av barnehusene.

Barnehusa rundt om i landet blir brukt stadig meir.

Vil ha fleire barnehus

Politiet i Vestoppland fortel at det kan vere vanskeleg å rekke å gjere avhøyra innan den fastsette fristen på to veker. Påtaleleiar Linn Hilde Fosso seier at dei gjerne hadde sett at det hadde vore fleire slike barnehus.

Linn Hilde Fosso

Påtaleleiar ved Vestoppland politidistrikt, Linn Hilde Foss meiner avstandane til barnehusa i mange tilfelle blir for lange.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg trur det vil vere fornuftig å opne fleire barnehus. Det er såpass få barnehus at dei geografiske avstandane kan bli så store at små barn er slitne når vi er klare til å starte avhøyr.

Seksjonssjef i Politidirektoratet Morten Hojem Ervik er ikkje sikker på om det er vegen å gå.

– Eg trur at barnehuset i Hamar dekkjer regionen godt. I eit land som Noreg er det vanskeleg å unngå at nokre barn må reise, uansett kor mange barnehus ein har. Samtidig må barnehuset ha eit visst saksomfang for å ha god kompetanse og nok saker å jobbe med.

Flere saker fra Innlandet

en gruppe mennesker som sitter ved bord

Sør-Odal får døra i ansiktet