Vil ha Grand Prix til Skreia

Kampen om kvar MGP skal arrangerast hardnar til.

Grand prix

Kanskje kan det bli slike scener på Skreia eller i Gausdal neste år?

Alexander Rybak rakk ikkje ein gong å leggje frå seg fela i Moskva, før ein ny kamp byrja. Kampen om å få arrangere den store internasjonale finalen i 2010.

Foreløpig blir Oslo og Tromsø sett på som dei største favorittane, men kampen er knallhard. For på Facebook har tettstaden Skreia på Østre Toten for alvor meldt seg på i kampen.

- Skreia er ein tettstad som er i vinden om dagen. Vi er på tur opp og fram etter ein periode der det har vore litt stille. Så vi tykkjer Melodi Grand Prix vil vere eit fint tiltak for å lyfte Skreia ytterlegare, seier presse- og vaffelansvarleg Inger-Marit Østby.

Fristar med festglade folk

Men Skreia er ikkje dei einaste som jobbar for å få Grand Prix-sirkuset til sitt nærområde. På nettstaden blir det mellom anna jobba for å få arrangementet til ferjekaia i Knarvik, eit venterom i Mandal, samfunnshuset på Korgen, i "hagen til Larsen" og på Lydiabryggen i Mosjøen.

Og ikkje minst på Klukkerhaugen i Gausdal.

- Det er ein fin stad med mykje fin kultur, og ikkje minst mange festinteresserte folk, lokkar Per Gunnar Finsveen.

- Meiner alvor

Blant dei meir truverdige kandidatane finn vi Mjøsbyane Hamar og Lillehammer.

Og foreløpig er det lillehamringane som ligg best an, i allefall dersom ein skal tolke oppslutninga på Facebook. Der er nemleg gruppa som støttar Lillehammer dobbelt så stor som dei fire oppretta gruppene for Hamar.

- Litt sårt, innrømmer Henning Sveen, som styrer ei av Hamar-gruppene.

- Lillehammer var nok litt raskare ut av startgropa enn oss. Men vi bør uansett ta rotta på opplendingane slik at vi har den største gruppa.

Men til tross for at engasjementet er stort rundt om, er det ikkje alle som har like stor tru på eigne moglegheiter.

- Det er vel Oslo som får dette som det meste anna. Sjansene er vel små for at det blir Grand Prix i Klukkerhaugen, seier Per Kristian Finsven.