Hopp til innhold

- Har sendt sms til Giske

Hedmarkingene tjuvstarta kampen for å få Grand Prix i 2010.

Vikingskipet.

- Vikingskipet eignar seg svært godt for å arrangere Melodi Grand Prix, meiner fylkesråd i Hedmark, Siv Tørudbakken.

Foto: Brox, Hans / Scanpix

Allereie klokka 23.58 laurdag kveld, før poenggjevinga i Moskva var ferdig, tikka det inn ei pressemelding frå fylkesråd Siv Tørudbakken i Hedmark.

- Gratulerer Alexander Rybak, og velkomen til Vikingskipet som norsk arrangørstad neste år.

- Har ikkje fått svar

Tørudbakken seier til NRK at ho tykkjer det er viktig å kaste seg frampå og vise engasjement.

- Eg har allereie sendt sms til kulturminister Trond Giske og sagt at vi vil ha arrangementet. Men eg har ikkje fått svar enda, seier ho.

Ho seier at dei også vil ta kontakt med kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas for å formidle deira ynskje. Men Tørudbakken innrømmer at ho ikkje veit kor stor sjanse det er for at dei kan få arrangementet.

- Det er vanskeleg å seie, det er mange krav som blir stilt for å arrangere dette, seier ho.

- Midt i blinken

Fylkesråd Siv Tørudbakken

- Velkomen til Hamar, lokkar fylkesråd Siv Tørudbakken.

Foto: Martine Myhre / NRK

Tørudbakken peiker på at Russland arrangerte finalen i ein hall med olympiske aner, og meiner Noreg må følgje deira eksempel.

- Vikingskipet har dei siste åra vist at dei kan ha store musikkonsertar, og vil vere midt i blinken for eit stort arrangement som dette, seier ein entusiastisk Tørudbakken.

Ho meiner vidare at Vikingskipet passar svært bra for dette arrangementet, ettersom det er kort veg frå Oslo og at byen har stor hotellkapasitet for arrangørar og deltakarar.

- Vi i Innlandet er kjent for store arrangement, og når vi klarte å gjennomføre eit OL så bør det gå an å få til dette au, seier Tørudbakken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Utelukkar ingen ting

NRKs kommunikasjonsdirektør Sigurd Sandvin seier at dei startar planleggjinga av neste års arrangement allereie i morgon, og at akkurat nå er alle stader aktuelle.

- Vi har tidlegare arrangert den internasjonale finalen i Bergen og Oslo, men eg kan likevel ikkje utelukke at arrangementet blir lagt til ein annan stad, seier han.

Kriteria er fyrst og fremst at det er plass til mykje folk, og at det er praktisk og enkelt å gjennomføre.

- Blir ikkje programleiar

Det er venta at mange byar vil melde seg på i kampen om å få Grand Prix neste år, og fylkesråd i Hedmark, Siv Tørudbakken innrømmer at kampen vil bli hard.

- Men vi må kaste oss frampå og ha trua, seier ho.

- Dersom de får arrangementet er det kanskje også naturleg at det blir lokale programleiarar. Har du begynt å øve på fransken?

- Nei, det har eg absolutt ikkje. Det trur eg andre får ta seg av, ler fylkesråd Siv Tørudbakken.

* Er Vikingskipet eigna for eit slikt arrangement?

* Dersom ikkje, kvar bør Grand Prix arrangerast i staden?

Skriv di meining her!