Hopp til innhold

På to hjul med gammal traktor

Det brummar, knurrar og bannast. Bli med på tractorcross på Kirkenær.

Det brummar, knurrar og bannast. Bli med på tractorcross på Kirkenær.

Det vart spektakulært når haustcrossen vart arrangert på Kirkenær i Grue.

– Dette går så møkka velt. Det blir tøft!

Ein ivrig sjåfør gjer seg klar for tractorcross på Kirkenær i Grue. Traktoren, ein John Deere 1020, går under det spektakulære namnet "Jomfrupluggen".

– Namnet kjem frå naboen. Den har 33 hestekrefter originalt, men nå er den vel på 50 pluss, smiler eigaren lurt.

Tractorcross på Kirkenær

Spenning før start...

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Her er traktorar av alle slag. Frå dei originale slitarane til dei blodtrimma monstra. 19 ivrige sjåførar er klare til start. Nærmare 350 tilskodarar har møtt opp.

Reglane er rimeleg enkle. Det er god gammaldags parallellslalåm med traktor, med innslag av presisjonsmanøver. Det er tidsstraff ved riv og andre feil. Ellers handlar det rett og slett om å kome fyrst i mål.

Gamle og nye traktorar blir dulla med, starta og rusa forsiktig. Dei knurrar som gamle, sinte hannhunder. Menn, kvinner og maskineri er klare til innsats.

Traktorcross Kirkenær

Det blir konkurrert i parallellslalåm.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Det blir ein kamp om hundredelar. Til slutt er det Anders Baardseth frå Grue som er raskast i standardklassen, berre tre hundredelar framfor André Jørgensen.

Han blir, naturleg nok, heisa opp i traktorskuffa for å ta imot hyllesten frå publikum. Blomsterbuketten kastar han seiersvant til publikum.

– Det er godt å ha marginane med seg. Nå blir det feiring, gliser den glade vinnaren.

Anders Baardseth

Vinnar Anders Baardseth tek imot hyllesten frå publikum.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Flere saker fra Innlandet