Hopp til innhold

- Det er ikkje meg han har fått sangstemma frå

Tom Waits sin firmenning trur ikkje det er gena frå Stor-Elvdal som har gjort han til stor stjerne.

Ingolf Grinaker og Tom Waits

Ser du likskapen? Ingolf Grinaker og Tom Waits er i allefall firmenningar.

Foto: Scanpix/AP / Bodil Grinaker

For mange er musikaren og skodespelaren Tom Waits det mest erkeamerikanske som finst. Men det mange kanskje ikkje veit er at den rustne stemma egentleg stammar frå Stor-Elvdal.

For på Koppang held nemleg Waits sin firmenning Ingolf Grinaker til.

- Heile slekta til bestefar min utanom ein reiste til Amerika, og frå ein av dessa stammar altså Tom Waits.

Det var ein slektsforskar som kunne avsløre dette for omlag ein månad sidan. Og eit slikt slektskap gjev jo ein aldri så liten kjendisstatus. Nå solar han seg i glansen.

- Ja, eg gjer jo egentleg det. Eg nemner det jo for slekt og vener, ler 72-åringen.

Ingen stor fan

Men til trass for slektskapet så har ikkje Ingolf Grinaker hylla full av Tom Waits-skiver.

– Eg har ikkje akkurat høyrt så mykje av musikken hans, men eg veit jo at han var berømt på 70-talet og utover. Han er vel fortsatt stor i junaiten såvidt eg har forstått.

- Syng du sjølv?

– Nei, det gjer eg ikkje. Det er nok ikkje meg han har fått sangstemma si frå, da hadde han nok ikkje vorte særleg berømt, gliser Tom Waits firemenning.