Da arrestasjonane kom etter våpentjuveriet på Jørstadmoen, kunne politiet opplyse at fleire av dei sikta hadde tilknyting til Vigrid.
Den 27 år gamle broren til hovudtiltalte innrømte i retten i dag at han var medlem i Vigrid på den tida da tjuveriet skjedde.
Beslagla hakekors-flagg
Organisasjonen Vigrid er kjent for høgreekstreme haldningar.
27-åringen er rekna som den andre hovudmannen bak det store våpentjuveriet.
I retten kom det fram at politiet har beslaglagt bilete frå ein dåpseremoni i Vigrid og eit flagg med hakekors frå 27-åringen.
Vigrid-leiar takka nei
Han forklarte i retten at Vigrid-leiaren skal ha fått tilbod om å kjøpe eit par våpen nokre dagar etter tjuveriet frå Jørstadmoen, men takka nei.
27-åringen sa at han braut kontakta med med Vigrid rett etter våpentjuveriet. Og politiet si etterforsking har heller ikkje påvist nokon samanheng mellom tjuveriet frå Jørstadmoen og Vigrid.
I dag er det berre 9 Glock-pistolar av dei 128 våpna som vart stole som ikkje er kome til rette.
Fleire kriminelle miljø
Våpna er beslaglagt i fleire kriminelle miljø. For eksempel vart 6 levert anonymt inn til politiet i Vestfold, 1 kom til rette i Bø i Telemark, 1 funne i eit kriminelt miljø på Romerike, og 2-3 skal vera seld til Aust-Europa.
Dei to brørne som står tiltalt har forklart at dei skulle få 750 000 kroner for 100 AG3.
Nå risikerer dei seks år i fengsel.