Hopp til innhold

Rykte om fleire døde

Politiet søkjer gjennom drapsgarden i Søndre Land etter rykte om fleire sakna personar.

Politiet jobber på gården i Søndre Land
Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Ein ryktestorm om at det er fleire sakna personar i samband med drapsgarden i Søndre Land, gjer at politiet i dag mellom anna har tømt møkkakjelleren på garden.

Det bekrefter politiinspektør i Vestoppland politidistrikt, Ketil Myhre.

 

Tek tipsa på alvor

- Vi må ta desse rykta og tipsa på alvor, og derfor har vi i dag gjort nye undersøkingar, seier Myhre. Politiet har fått fleire tips om fleire sakna personar som kan ha hatt samband med garden, og derfor har fleire politietterforskarar i dag leitt på garden.

Ein traktor har i dag tømt heile kjellaren, på jakt etter nye bevis i saken.

Myhre understrekar at dei foreløpig ikkje har gjort nye funn på staden.

 

Flere saker fra Innlandet