Hopp til innhold

Prøysenfestivalen i gong

Prøysenfestivalen er i gong, og unge og eldre møtte i dag fram til framføringar av Prøysen-tekstar.

Prøysenfestivalen
Foto: Nikolas Gogstad-Andersen / NRK

Ved Prøysenstova på Rudshøgda i Ringsaker kommune er no ein vekeslang festival i gang. Torsdag framførte prøysentolkarar eit utvalg av Alf Prøysen sitt forfattarskap.

Festivalen er jo eit møtepunkt for veldig mange som er glad i Prøysen, seier festivalsjef Hogne Moe.

– Det er ein arena for Prøysenprisvinnar, for skodespel og teater, og dramatisering av Prøysen, legg han til.

Hør også radioreportasje fra festivalen:

Reporter i innslaget er Helle Therese Kongsrud.

Brukar Prøysen i undervisning

Stubbar ved stova var ein del av programmet, og utkledd med hatt og sekk framførte Tor Bergundhaugen tekstar av Prøysen.

– Snart i eit år har eg drive og lese Prøysen, og eg tykkjer at Prøysen har veldig mykje i seg, seier Bergundhagen.

Han er lærar og brukar Prøysen mykje i undervisninga.

– Det er mykje å ta av, det er mykje alvor, og det er mykje humor, seier læraren muntert.

Festivalen vert arrangert den 17. til og med den 23. juli 2013.

  • Sjå saka her:
    Created by InfoDispatcher

    Prøysenfestivalen i gang

Flere saker fra Innlandet