Hopp til innhold

Må vere heime med barna

Opptrappinga av kommunestreiken rammar særleg barnehagar og skulefritidsordninga. – Dersom dette blir langvarig så blir det vanskeleg, seier småbarnsmor Irene Mathisen Nybakken, som er heime med barna i dag.

Familien Mathisen Nybakken

Familien Mathisen Nybakken må leggje om kvardagen fordi barnehagen er utsett for streik.

Foto: Ivan Hagen / NRK

Kommunestreiken blir trappa opp i dag, og til saman 45.000 tilsette er nå ute i streik. Dette fører til at tusenvis av foreldre nå må finne alternative løysingar for barnepass.

Familien Mathisen Nybakken i Brumunddal er blant dei som er råka. Barnehagen er stengt, og mor må vere heime med barna.

– Det set oss jo i ein vanskeleg situasjon i forhold til å få kvardagen til å gå saman. Det er jo derfor vi har barnehageplass, seier Irene Mathisen Nybakken.

Mor er heime

I dag reiser far Anders på jobb, medan mor Irene har fri og er heime med Emilie på fem og Oscar på tre og eit halvt. Dei fyrste dagane er ikkje det noko problem, men dersom streiken blir langvarig så blir det verre.

– I verste fall må vi høyre om det er nokon som kan hjelpe oss. Vi er heldige som har besteforeldre i sentrum. Men det er nok mange som må ty til fridagar utan løn, da går det ut over både det økonomiske og feriedagar.

Det er nemleg slik at barnehagestreik ikkje er gyldig fråværsgrunn frå jobben.

– Men dei fleste arbeidsgjevarane er runde i kantane på dette området, seier arbeidslivsdirektør i NHO, Svein Oppegaard.

65 barn utan plass
Streikevakt Brumunddal

Streikevaktene er på plass utanfor Tømmerli barnehage i Brumunddal.

Foto: Ivan Hagen / NRK

I alt er det 65 barn som står utan plass på Tømmerli barnehage i Brumunddal i dag. Jørn Eriksen i streikekomiteen seier at ein streik alltid vil gå utover ein tredje person, men at dei foreløpig ikkje har fått negative attendemeldingar frå foreldra. Og han understrekar at streikeviljen er stor.

– Vi har gode medlemmar som er klare for å streike. Vi er lei av behandlinga KS har gjeve oss dei siste åra i forhold til likeløn, seier Eriksen.

Og streikevêret er trass alt bra, både for dei streikande, barn og foreldre.

– Det ser ut som om sola skin, så vi får vel ta oss ein tur ut i dag, seier Irene Mathisen Nybakken.