Det var tidlegare spekulert i at Lillehammer var favoritt blant idrettsforbunda, men i førre veke hadde fleire medier meldingar om at Tromsø nå er den mest aktuelle kandidaten.
I dag blir det klart kvar idretten vil at OL skal vera i 2014, dersom Norge søkjer OL.
Politikarane avgjer
Det er politikarane som har det siste ordet: Ein norsk OL-søknad må opp i regjeringa, og leggjast fram for Stortinget.
Lillehamring og stortingsrepresentant frå Høgre, Olemic Thommessen, er svært spent på kva idretten seier om OL i 2014 i dag. Han seier det vil vera heilt avgjerande for kva Stortinget bestemmer seg for.
- Dyrt å lage OL
Thommessen meiner at stortingspolitikarane vil vere skeptiske til å betale store beløp for eit nytt OL.
- Det skal koma gode argument frå idretten før politikarane løyver dei pengane, seier han.
Thommessen meiner både Tromsø og og Lillehammer har mogelegheit til å lage flotte OL.