Hopp til innhold

Krise i potetåkeren

Stadig regnvêr er i ferd med å øydeleggje avlinga for mange gardbrukarar. Nå treng dei opphaldsvêr og vind for å få avlingane i hus.

Drukna poteter

Mange poteter har drukna i åkeren i Åsnes.

Foto: Stig Karlo Helstrøm / NRK

Berre rundt 20 prosent av kornet i Hedmark er så langt hausta, og potetplukkinga er forsinka. Årsaka er openbar: Regn, regn og atter regn. I Løten har det regna sju av ti dagar sidan 1. juni, og mange åkrar er så blaute at dei er utilgjengelege.

– Desse kvite prikkane er teikn på at dei har hatt det mindre hyggjeleg.

Bonde Ivar Bredalen i Åsnes syner fram eit par eksemplar av drukna poteter, som truleg aldri blir til folkemat.

– Dei potetene som har stått i vatn let vi stå att, haustar vi dei kan dei øydeleggje dei andre.

Video Krise i potetåkeren

Krise i potetåkeren

Håpar på opphaldsvêr

Fylkesagronom Lars Martin Hagen kan fortelje om liknande tilstandar på mange andre gardar i distrikt.

– Mange har problem med å kome seg ut på åkeren, andreslåtten har vorte ståande og potetene druknar, er hans tilstandsrapport.

Nå treng bøndene hjelp ovanfrå for å berge avlinga i hus.

– Nå håpar vi på opphald i fire, fem veker, gjerne bra temperatur og bra med vind, seier bonde Ivar Bredalen.

Potetplukker

Potetplukkaren har fortsatt ikkje funne plassen i åkeren.

Foto: Stig Karlo Helstrøm / NRK

Flere saker fra Innlandet