Hopp til innhold

Ingen pengar til Ilseng fengsel

Det vart ikkje løyvd pengar til utbygging av Ilseng fengsel i revidert nasjonalbudsjett.

Det er skuffande, meiner både Frps Tor André Johnsen og Sps Trygve Slagsvold Vedum.

Ilseng fengsel har planar om å utvide med 96 høgsikkerheitsplassar. Fengselet har frå før 86 lågsikkerheitsplassar. Ei eventuell utbygging vil kunne bety over hundre nye arbeidsplassar.

– Som frykta. Dersom dette blir ståande blir det ikkje bygging til hausten, seier Vedum til HA.

No går Senterpartiet inn i forhandlingar med Arbeidarpartiet. Vedum seier til avisa at utbygginga av Ilseng fengsel vil stå høgt i kurs i forhandlingane.

Hedmark fengsel, avdeling Ilseng
Foto: Ola Bjørlo Strande

Flere saker fra Innlandet

Fire kvinner står bak en drone og smiler til kamera

Tester ut å levere mat og medisiner med drone