Hopp til innhold

– Meir havørn i innlandet

I helga tok Gunnar Holum vakre bilete av ei havørn på Dovre. – Det er vanlegare og vanlegare at havørner tek seg turar frå kysten og innover i landet, seier NRK sin naturekspert, Trond Berg.

Gunnar Holum jaktar rev på åte av elg på garden heime, noko havørnene også blir freista av.

– I tillegg til gard driv eg også camping, og søndag morgon sette eg meg i den eine hytta som ligg seks-sju meter frå åtet og tok bilete i tre timar. Holum såg også kongeørn denne morgonen, men fekk ikkje fotografert den.

– Kongeørna er veldig sky, men havørna kan eg køyre forbi med traktor utan at den blir redd og flyg sin veg. Den har også blitt eit vanleg syn i innlandet, og eg ser den meir eller mindre heile året.

Video Havørn på Dovre

– Større havørnbestand

Trond Berg

GRIBBAR: Om vinteren er havørner meir gribb enn rovfugl, og flyg difor langt på leit etter kadaver, fortel NRK Hedmark og Opplands naturmann Trond Berg.

Foto: NRK

Trond Berg er NRK Hedmark og Opplands naturmann, og ein del av det faste teamet til Ut i naturen. Han kan stadfeste dette.

– Havørnbestanden langs kysten har auka, og ørnene tek seg ofte turar innover i landet til fjelltrakter som Dovre og Forollhogna, fortel han. Auken er ikkje stor, og det er ikkje veldig vanleg å sjå havørn, men ei og anna er stadig innom desse fjellstrøka.

– Pussig fenomen

– Om vinteren er ørnene meir gribbar enn rovfuglar, og dei saumfarar store område på leiting etter kadaver. Om sommaren leitar dei etter villreinkadaver på Snøhetta.

Han legg til at det likevel er eit pussig fenomen med havørn som glir innover i fjelltraktene.

– Men for ein rovfugl med eit vengespenn på rundt to meter er ein tur frå for eksempel Møre til Dovre ingenting.

Havørn på Dovre.

Sjå innslag frå Østnytt 12. januar her.

Flere saker fra Innlandet