Ei seksti meter lang bru nærast svevar der ho skrur seg frå den eine sida av Randselva til den andre. Det nye bygget ved Kistefos-museet i Jevnaker framstår som eit kunstverk i seg sjølv, akkurat slik investoren Christen Sveaas ville ha det:
– Dette er eit heilt utruleg, fabelaktig skulpturelt bygg som fell naturleg inn i skulpturparken vår, og det var jo meininga.
SKRUDD KUNSTVERK: Det nye bygget skrur seg frå den eine sida av Randselva til den andre.
Foto: Ole Martin Sponberg / nrkDet var ein stolt Christen Sveaas som tok i mot Dronning Sonja, den danske kronprinsen Frederik og nær fem hundre inviterte gjester i det nye praktbygget onsdag kveld. Heilt sidan han opna skulpturparken ved industrimuseet ved Kistefossen for tjue år sidan, har han hatt planar om eit nytt museumsbygg.
No står det ferdig, har kosta 200 millionar kroner, og er blitt til ved eit spleiselag mellom private bidragsytarar og det offentlege. Den største rekninga tar Sveaas sjølv, og han svarar slik på spørsmål om det er verdt pengebruken:
– Det får andre vurdere, men eg synest absolutt det.
DEN SKRUDDE INVESTOREN? Christen Sveaas er forretningsmann, investor, kunstsamlar og donator. Han meiner det er heilt greit å bruke 200 millionar kroner på eit nytt museumsbygg.
Foto: ole martin sponberg / nrkInternasjonal merksemd
«The Twist» er teikna av det danske arkitektkontoret BIG, og er alt blitt langt merke til langt utanfor landegrensene. Tidlegare i år sette den britiske storavisa The Telegraph bygget på si liste over dei vakraste bygga i verda som blir opna i løpet av 2019.
Den prislønte danske arkitekten Bjarke Ingels, som har teikna museet, fortel at arbeidet har vore krevjande:
– Det finns lettare ting i verda enn å byggje hus som spinn rundt seg sjølv over ei elv, og det aleine har vore ei utfordring.
ARKITEKTEN OG KRONPRINSEN: Bjarke Ingels har vunne ei rekkje prisar for arkitekturen sin. Her viser han Kronprins Frederik av Danmark rundt i «The Twist».
Foto: lars erik skrefsrud / nrkHan fortel at tanken har vore å skape eit bygg som snur alt på hovudet for gjestene; frå ei utåtvendt utsiktsbru over Randselva til eit innadvendt galleri der kunsten ventar. Når desse to møtes oppstår twisten der golvet reiser seg blir til vegg før veggen kjem ned på andre sida og blir til golv.
OPP BLIR NED OG NED BLIR OPP: Her skal gjestene få tilværet snudd på hovudet.
Foto: Ole Martin Sponberg / nrk– På den eine sida eit svært enkelt bygg, på den andre eit svært komplekst rom der opp og ned blir vendt rundt på ein ny måte.
No gler Ingels seg mest til å komme tilbake neste vår for å sjå korleis bygget glir inn i naturen. Det er i alle fall visjonen:
– No har kunsten flytta inn, og så skal naturen vekse til og gje det heile eit mytisk preg.
DELTE PÅ OPPGÅVA: Dronning Sonja fekk hjelp av Kronprins Frederik av Danmark då snora skulle klyppast.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / nrkLang familiehistorie
Det var bestefaren til den kjende investoren og kunstsamlaren Christen Sveaas som i 1889 grunnla AS Kistefos Træsliberi på Jevnaker.
Tresliperiet vart seld ut av familien i 1985, men Sveaas kjøpte seinare aksjemajoriteten tilbake. I 1996 oppretta han Stiftelsen Kistefos-museet for å sikre og formidle det industrielle kulturminnet, og i 1999 vart museet utvida med kunsthall og skulpturpark.
UTSYN: Frå brua har ein utsyn over Randselva og området rundt.
Foto: OLE MARTIN SPONBERG / NRKDet splitter nye bygget er på tusen kvadratmeter og skal romme midlertidige kunstutstillingar og performanceførestillingar i tillegg til å formidle industrihistoria.
Slik vil Sveaas halde staden levande og skape aktivitet og arbeidsplassar også for framtida.
– Eg trur at dersom bestefaren min hadde sett dette, så hadde han tenkt at, ja dette var hyggeleg.
SKRUDD FRAMTID: Christen Sveaas og «The Twist».
Foto: Ole Martin Sponberg / nrk