Forut skal i tillegg til dette også byggje 50 forsamlingshus for folk på Sri Lanka.
Samarbeid
Sentra skal byggjast opp i samarbeid med lokale myndigheter. Målet er at ungane skal kome tilbake til kvardagen så snart som råd er.
Programrådgjevar Trine Kielland i Forut seier det ikkje vil vere tale om noko medisinsk eller psykiatrisk tilbod.
- Dette skal vere leik og læring, seier Kielland som har sju års erfaring frå bistandsarbeidet på Sri Lanka.
Ho peikar mellom anna på at aktivitetane skal ta utgangspunkt i landets eigne ressursar.
Opplæring
Rundt 30 barne- og ungdomsarbeidarar skal nå vere med for å rekruttere fleire medarbeidarar.
Områda som er høgast prioritert i dette arbeidet er Batticaloa, Ampara, Kattuwane, Hambantuta og Mullatiwu.
I alle disse områda er det planlagt møter med lokale myndigheter for å avklare behov, og hindre dobbeltplanleggjing i forhold til andre organisasjonar.