Hopp til innhold

Flåklypa-rakett skal sende besøkstala til himmels

Ein 14 meter høg rakett, ein Reodor Felgen-verkstad og eit Flåklypaland skal lokke fleire besøkjande til Kjell Aukrust sitt rike i Alvdal.

Aukrustsenteret

Aukrustsenteret i Alvdal ynskjer å lokke til seg fleire besøkande med ein rakett.

Foto: Scanpix/aukrustsenteret

– Kva eg ville ha gjort annleis dersom eg fekk leve livet mitt om att? Da ville eg hatt midtskill.

Slik lyder eit av Kjell Aukrust sine mest kjende sitat. Mykje tyder på at Aukrustsenteret i Alvdal, som skal ta vare på hans minne, treng ei større endring enn berre ei kjapp endring av fasaden.

For etter at 120.000 besøkte senteret etter opninga i 1996, har tala gått kraftig ned, og nærmar seg 15.000.

Frå 120.000 til 15.000

Da NRK besøkte Aukrustsenteret i Alvdal ein dag tidleg i juni, var det ikkje ein einaste besøkjande å sjå i signalbygget ved riksveg 3 i Østerdalen.

– Akkurat nå ser det ikkje ut som om det er nokon her. Det er langt frå 120.000 i året til 15.000 i året, konstaterer dagleg leiar Gunn Strømsøien Hvamstad.

Prognosane for dei neste åra varslar store underskot, og det er ingen Ben Redik Fy Fazan som står klar med oljemillionar for å redde senteret.

Dermed må dei gjere som Reodor Felgen, tenkje nytt og finne nye løysingar.

– Ingen fornøyelsespark

Kjell Aukrust

Kjell Aukrust vart landskjend på grunn av sine saftige skildringar frå bygde-Noreg.

Foto: Oddvar Walle-Jensen / Scanpix

– Ser du den fine haugen der? Der skal vi bygge Flåklyppatoppen!

For akkurat som Aukrust sine figurar, let ikkje Aukrustsenteret seg stoppe av motgang. Nå vil dei byggje ein Flåklypatopp med kooperativ, avis, meieri og bilbane der folk kan få køyre racerbil.

Dei vil også byggje ein rakett og ein eigen Reodor Felgen-verkstad, alt for å få barnefamiliane til å stoppe.

– Ein kan ha det moro, og samtidig lære noko om Kjell Aukrust. Alt han har skapt inneheld mykje humor og moro, seier Hvamstad, og avviser at dei er i ferd med å byggje ein fornøyelsespark.

Dyr moro

Prislappen for heile utbygginga ved Aukrustsenteret vil bli på rundt 35 millionar kroner. Eit stort beløp for ei lita fjellkommune.

Nå er det opp til politikarane i Alvdal om dei skal seie ja eller nei til lån og lånegaranti på til saman 6,5 millionar kroner. Ordførar Svein Borkhus meiner dei ikkje har anna val enn å seie ja.

– Ein kommune som vil ha utvikling må bruke pengar, viss ikkje blir det stagnasjon og attendegang. Dersom kommunen ikkje bidreg blir det tungt å drive framover, og færre besøkjande vil føre til større utgifter for Alvdal kommune.

Årleg passerer ein million bilar forbi Aukrustsenteret, så da spørst det kor mange som kjem til å stoppe dersom eit Aukrustland blir ein realitet.

– Østerdalen er ikkje den store turiståra, men det er jo mange bilar som køyrer langs riksveg 3. Vi ynskjer at vi på ny kan 50–60.000 besøkjande kvart år.

Flere saker fra Innlandet