Hopp til innhold

Kontroll på brann i Kapp Melkefabrikk

Brannen i Kapp Melkefabrikk på Østre Toten i Innlandet er under kontroll. Det var opne flammar frå begge sider i taket på bygget, og brannvesenet hadde lenge ikkje kontroll.

Brann i Kapp Melkefabrikk

BRANN: Det brenn kraftig i Kapp Melkefabrikk.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Brannvesenet har etter klokka 19.15 kontroll på brannen. Klokka 22.05 melder politiet at brannvesenet framleir driv med sløkking. Dei skriv det er varmgang i deler av bygget, og at dei vil fortsette arbeidet i løpet av natta.

Klokka 14.52 fekk politiet melding om at det var brann i det som kallast Kapp Melkefabrikk, og seinare vart det meldt at brannvesenet ikkje hadde kontroll.

– Det er veldig dramatisk. Det var så stygg svart røyk. Det var veldig skummelt, seier Marion Arntzen som er nærmaste nabo bygga det brann i.

Kapp Melkefabrikk blir brukt som kulturlokale og næringslokale. Fleire bedrifter held til der. Mjøsmuseet ligg like ved bygga som brann.

Ikkje kontroll

Alle naudetatar rykka ut til staden, og rundt klokka 15.00 var NRK i kontakt med brannvesenet. Dei meldte då at innringar var ein person som jobbar på staden, og det skal då ha vore brann i andre etasje, på eit lager.

Brann i den gamle Melkefabrikken på Kapp i Østre Toten

RØYKUTVIKLING: Brannvesenet meldte om at det var kraftig røykutvikling.

Foto: Ole Kristian Bjellaanes / NTB

Brannvesenet meldte først at det var aukande røykutvikling, men seinare vart det meldt at brannvesenet ikkje hadde kontroll.

Det brann i takkonstruksjonen, og det var då opne flammar på begge sider av taket.

– Då det er store gamle teglsteinsbygningar, så er ikkje spreiingsfaren så stor, men då det brenn i taket kan gnistar spreie seg, sa fungerande vaktleiar Arve Heimdal i Brann Innlandet klokka 16.40.

Det brenn i Kapp Melkefabrikk på Østre Toten.

SJÅ VIDEO: Brann i Kapp Melkefabrikk på Østre Toten.

Evakuerte personar

Alle som var på jobb, vart evakuert, skriv Oppland Arbeiderblad.

Politiet varsla naboar om å lukke dører og vindauge, og Brennhaugen i Innlandet politidistrikt seier at for folk i nærområdet er det ein fortløpande vurdering om evakuering.

– Røyken som kjem frå Kapp Melkefabrikk er så kraftig at bustader rundt også blir evakuert, sa operasjonsleiar Atle Bernhoft Fon Obstfelder i Innlandet politidistrikt.

Politiet samarbeida med Østre Toten kommune for å få til evakueringsstad ved Kiwi Kapp. Der var ambulanse, Sivilforsvaret, Taxi, og representantar frå kommunen på plass for å hjelpe dei som skulle trenge det.

Brann i Kapp Melkefabrikk

RYKKA UT: Alle naudetatar rykka ut på staden.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Spreidde seg

Innsatsleiar i Innlandet politidistrikt, Simon Brennhaugen, seier det er først og fremst produksjonslokale som er råka.

Simon Brennhaugen

AVHØYR: Innsatsleiar Simon Brennhaugen seier det blir gjort avhøyr.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

– Tre bygningar står i brann i Kapp næringspark, og der har me hatt aktiv innsats sidan klokka tre, seier Brennhaugen rundt klokka 17.30.

– Brannen har utvikla seg frå ein bygning til to andre. Det er krevjande forhold for å avgrense at brannen spreier seg.

Det er uklart kva som er årsaka til brannen.

– Me har ikkje full oversikt, men det føregår etterforsking på staden. Me avhøyrer vitne og kriminalteknisk er også sett i verk, seier Brennhaugen.

Brann i Kapp Melkefabrikk

KRAFTIG: Det brann kraftig i Kapp Melkefabrikk.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Mykje mannskap

Sivilforsvaret har støtta brannvesenet med vassforsyning frå Mjøsa, og har hatt innsatspersonell på staden. I tillegg vil dei støtte med områdebelysning etter behov.

Brann i Kapp Melkefabrikk

ALLE TIL VERKS: Det var heile tida usikkert om det var fare for spreiing. Brannvesenet har rykka ut frå fleire stader i nærområdet.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Brannvesenet rykka ut mannssterke.

– Me har mykje mannskap, både på plass og på tur ut, i og med at det er store bygningsmassar og vanskeleg å få kontroll, sa Heimdal i Brann Innlandet klokka 16.47.

– Det er store styrkar frå Østre Toten brannvesen på staden, samt med støtte frå brannvesenet frå Vestre Toten, Gjøvik, Ringsaker. Hamar er også på tur ut.

Kjente røyklukt

Marion Arntzen med mannen

EVAKUERTE: Harald Sundby og Marion Arntzen er trygge på eit hotell i Gjøvik. – Det er veldig mykje brannfolk der, så me er ikkje uroa for at det skal skje noko med vårt hus, seier Arntzen.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Nabo til Kapp Melkefabrikk, Marion Arntzen, var på veg ut i hagen då ho kjente ei røyklukt. Det vart meir og meir røyk rundt huset til Marion og mannen hennar, Harald Sundby.

Dei gjekk ned difor ned på stranda, og etter fem minutt såg dei ein brannbil som køyrde mot Melkefabrikken.

Etter kvart kom Røde Kors og sa dei to måtte reise derifrå. Dei fekk lov til å hente nokre ting frå huset sitt, og får sove på hotell i Gjøvik i natt.

Røyk ved huset til Marion Arntzen

RØYK: Marion Arntzen og Harald Sundby såg huset deira bli omgitt av røyk.

Foto: Marion Arntzen

– Då me gjekk inn i huset igjen var det røyklukt i heile huset, så me kunne ikkje ha vore der. Me er glade for at me får tilbod om å sove på hotell, seier Arntzen.

Røyk i området ved Kapp Melkefabrikk

RØYK: Det var mykje røyk i området der huset til Marion Arntzen ligg. Arntzen seier det er trist å sjå at det brenn i kulturbygget, og at ho håper at det kan bli bygd opp att. – Me brukar det jo. Det er mange ting som skjer der, som yoga, musikk, ikkje minst musikkskulen er der. At ingen er skadd er det aller viktigaste, seier Arntzen.

Foto: Marion Arntzen

Glad for innsatsen

Brann i Kapp Melkefabrikk

RØYK: Marion Arntzen tok bilete av den svarte røyken.

Foto: Marion Arntzen / NRK

Direktør Arne Julsrud Berg for Mjøsmuseet seier det er veldig ille at ein har fått ein så stor brann på kulturminne Kapp Melkefabrikk, men at han er letta for at det ikkje har skjedd nokon skade på dei tilsette som jobbar i museet.

Han var lenge veldig uroa for at brannen skulle spreie seg til deira bygg, og det vart lagt planar for evakuering av det Julsrud Berg omtalar som deira «unike utstilling i Mjøsas ark».

Denne inneheld mellom anna vikingsverd, gullringar og gamle båtar.

– Takka vere fantastisk innsats frå brannvesenet i fem-seks kommunar så ser det ut som om dei har klart å hindre spreiing til hovudbygget, seier Julsrud Berg.

Det har kome røyk i utstillingsromma i museet, og brannvesenet driv med røyksanering. I hovudbygget som næringshagen og museet har, så skal det ifølge Julsrud Berg vere god brannsikring, men at det i lagerbygga ikkje var eit automatisk brannvarslingsanlegg.

– Det er ikkje sprinkelanlegg i nokon bygningar her. Det er klart det kan vere ynskjeleg i nokon delar, men sånn som i museumsutstillingar, så kan det også vere problematisk, for det kunne ha øydelagt gjenstandar, seier Julsrud Berg.

Laster Twitter-innhold

Flere saker fra Innlandet