Hopp til innhold

– UNE manglar kunnskap og forstand om konvertittar

Soknepresten i Søndre Land opnar for å la ein iransk konvertert lege få gå i kyrkjeasyl. Han får full støtte frå biskop Solveig Fiske, som meiner Utlendingsnemnda manglar kunnskap og forstand.

Solveig Fiske

Biskop Solveig Fiske er ikkje nøgd med måten UNE handsamar konvertitt-saker.

Foto: Frode Meskau / NRK

Den iranske legen Sattar Ghanemifard, hans kone Atoosa og deira 14 månader gamle son flytta til Noreg i 2010. Ghanemifard fortel at han mista legepraksisen fordi han var svært kritisk til det iranske regimet og islam. Han vart arrestert, mishandla og truga på livet, skriv Oppland Arbeiderblad.

Familien bur i Hov i Søndre Land, og har konvertert til kristendommen. I Iran risikerer konvertittar dødsstraff og livsvarig fengsel.

Dei har søkt om å få bli i Noreg, men har fått endeleg avslag frå Utlendingsnemnda (UNE). Dei meiner det ikkje er sannsynleggjort at det er farleg for familien å reise attende til Iran, skriv avisa.

Opnar for kyrkjeasyl

Øystein Wang

Sokneprest Øystein Wang i Søndre Land opnar for at den iranske familien kan gå i kyrkjeasyl.

Foto: Øystein Wang

I dag fortalte sokneprest Øystein Wang at han opnar for at familien kan få gå i kyrkjeasyl i kommunen, dersom dei ikkje finn fram til ei anna løysing.

– Eg seier ikkje at kyrkjeasyl er den rette løysinga, men eg seier at det er den siste løysinga for at familien kan vere på ein trygg stad, seier Wang.

Han får full støtte frå biskop i Hamar bispedømme, Solveig Fiske.

– Det er lang tradisjon i vår kyrkje for at menneske i naud kan søkje ly i kyrkja. Dette er ein slik situasjon, ikkje minst sett i ljos av korleis UNE vektlegg konvertering og korleis dei omtalar konverteringa til desse menneska.

Kritiserer UNE

Samtidig kjem biskopen med krass kritikk til måten UNE behandlar konvertittar på, og særleg familien frå Iran.

– Dei seier at klagaren si tru og trusaktivitet er såpass avgrensa at det er lite sannsynleg at dei vil risikere forfølging i heimlandet. Det vitnar om ei manglande forståing om kva religiøs tilknyting inneber, og det er ei nedskriving av hans konvertering.

Fiske seier at dei har hatt fleire liknande saker i bispedømmet, og at UNE ikkje kan nok om desse sakene.

– Det vitnar om manglande kunnskap og forstand for konvertering. Bispemøtet har uttalt at vi forventar at UNE styrkar si kompetanse på dette feltet.

– Hentar inn mykje informasjon

Informasjonssjef i Utlendingsnemnda, Bjørn Lyster, vil ikkje kommentere den konkrete saka. Men han avviser at dei har for lite kunnskap om slike saker.

– Vi samlar inn betydeleg informasjon, både om landet og om personane det gjeld. Vi gjer individuelle vurderingar i kvar sak, nokre får bli etter konvertering, andre må dra.

Lyster seier at dei til dømes meiner at Afghanistan er farlegare for konvertittar enn Iran.

– Vi sender ikkje heim folk dersom vi ikkje er sikre.

Flere saker fra Innlandet