Hopp til innhold

– Dette er berre toppen av isfjellet

Skattevesenet lokkar fram milliardar frå skjulte bankkontoar i utlandet. Dei siste åra er det søkt om skatteamnesti for 16 milliardar kroner berre i Skatt Øst.

Illustrasjonsfoto: Skatteetaten

Skatteetaten har fått betre avtaler med såkalla skatteparadis. Det fører til at stadig fleire melder seg og ber om skatteamnesti.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Sidan like etter krigen har det vore mogleg å søkje skatteamnesti for skjulte formuar i utlandet, men det er fyrst dei siste åra at mange har kome springande med ekstra kroner til sjølvmeldinga.

– Omfanget har vore enormt stort. Det starta hausten 2007, etter Ditlev-Simonsen-saka i Oslo. I toppåret 2009 fekk vi inn 250 saker, dei to siste åra har vi fått inn 100 saker i året, seier avdelingsdirektør for skattekrim i Skatt Øst, Jan-Egil Kristiansen.

Han ser at dei stadig får inn nye saker, og at dei truleg berre har sett ein liten del av pengane som er gøymd i utlandet.

60-åringar frå Oslo, Asker og Bærum

På landsbasis er det om lag 800 som har meldt frå om ekstra formuar dei siste åra. Storparten av desse held til i området til Skatt Øst. Her har dei fått meldt inn om lag 600 saker, og har så langt behandla 349 av dei.

– Talet på saker og beløpa som har kome inn har vore formidabelt store. Det er langt over det vi kunne førestelt oss. Så langt så har klarlagt over 16 milliardar kroner, seier Kristiansen.

Skjult formue

Distrikt

Personar som
har meldt seg

Ferdige saker

Formue ferdige saker

Til saman

604

349

 

Oslo

398

225

12 096 376 674

Asker og Bærum

102

63

996 698 527

Romerike

24

15

48 269 090

Follo

22

9

21 842 687

Østfold

17

9

139 096 167

Hedmark

12

9

62 599 297

Oppland

8

8

114 179 015

Han fortel at storparten av dei som melder frå kjem frå Oslo eller Asker og Bærum. Dei har ein gjennomsnittsalder på vel 64 år og har gjerne gøymd pengane i Sveits eller Luxembourg.

– Litt overraskande er det at 40 prosent av dei som melder frå er kvinner. Noko av forklaringa er at det er ein del enker som har arva pengar etter sine menn.

Slepp ekstraskatt

Jan Egil Kristiansen

Jan-Egil Kristiansen tror mange nordmenn har store skjulte formuer i utlandet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Han trur årsaka til at så mange melder frå er at dei slepp både straff og tilleggsskatt, samtidig som risikoen for å bli oppdaga har auka.

– Vi har fått nye avtaler og slike saker blir høgare prioritert frå skattevesenet. Eg trur folk er redde, og undersøkingar viser at frykta for å bli teke er utslagsgjevande.

Han fortel om dei får oppgjeve beløp frå 100-millionarsklassa ned til nokre titusen kroner.

– Dei ringjer ofte på førehand, anten sjølve eller gjennom sin advokat. Dei loddar stemninga og forsikrar seg nøye om det som skjer. Dei er nok litt overraska over at dei slepp unna tilleggsskatt og politimelding dersom dei kjem friviljug, seier Jan-Egil Kristiansen i Skatt Øst.

Flere saker fra Innlandet

Administrasjonsbygget sykehuset innlandet

DPS-klinikken på Sanderud bryter loven i tvangsvedtak