Nynorsken får kraftig støtte i Nord-Fron.
Årsmøtet i Nord-Fron Arbeiderparti har vedtatt at dei vil ha ein språkleg nøytral kommune, men det har fått folk til å rase.
Skriftlege reaksjonar
Innbyggjarane i Nord-Fron vart oppfordra til å koma med innspel til kva målform kommunen skal bruke.
Nord-Fron Arbeiderparti vil at kommunen skal vera språkleg nøytral. (Foto: Scanpix)
Etter at fristen har gått ut, har 10-12 skriftlege reaksjonar kome, og det store fleirtalet tek avstand frå vedtaket i Nord-Fron Arbeiderpartiet.
- Ikkje representativt
Leiar i Nord-Fron Arbeiderparti, Reidar Stangenes, tvilar på om desse reaksjonane er representative.
- Dei som har reagert er dei som har sterkast band til nynorsken, men det er ikkje representativt for alle som bur i Nord-Fron, meiner Stangenes.