Hopp til innhold

Bjørn skoten i Stor-Elvdal

Ein bjørn vart skoten i Stor-Elvdal i formiddag. Bjørnen hadde forsynt seg med sau i fleire kommuner i sommar.

Felt bjørn

BJØRN: Den 165 kilo tunge hannbjørnen var lett å kjenne att med den kvite flekken i nakken.

Foto: Tord Strand

– Det er god stemning i jaktlaget når alt verkar og vi får felt dyret. Vi er jo berre sett til å gjere ei oppgåve frå staten.

Det seier fellingsleiar Tord Strand til NRK etter at ein hannbjørn på 165 kilo vart skoten i Stor-Elvdal onsdag formiddag klokka 10:30.

Klokka 02:00 natt til onsdag fekk jaktlaget bilete på viltkameraet sitt i eit område dei visste at bjørnen hadde for vane å kome.

Da sette dei seks i jaktlaget i gang jakta på bjørnen, og etter fleire timar med intens jakt for både jegerar og hund vart bjørnen skoten på post.

– Bjørnen vart skoten med to skot for sikkerheits skuld, seier Strand.

Det var Østlendingen som omtalte fellinga fyrst.

Auke i bestanden

Tal frå rovdata viser at bjørnebestanden i Noreg auka med 10 prosent i 2018. Men framleis ligg ein godt under bestandsmålet på 13 bjørnekull i året.

Jonas Kindberg i Rovdata seier at berekningar dei har gjort viser at det vart født åtte bjørnekull i 2018.

Jonas Kindberg

ROVDATA: Jonas Kindberg er leiar i Rovdata. Han fortel at vi er langt unna å nå bestandsmålet for bjørn i Noreg.

Foto: Fredrik Widemo / Rovdata

Bjørnen som vart skoten i Stor-Elvdal onsdag er den andre på få dagar i Noreg. Måndag vart ein ung hannbjørn skoten i Trøndelag.

Kindberg meiner likevel at det ikkje har noko å seie for at ein skal kunne nå bestandsmåla.

– Yngre hannbjørnar flytter seg over store område, og har mindre betydning for vekst i bestanden. Det er binnene som er viktig for reproduksjon.

– Men det er bra om eldre hannbjørnar kan få stabilisere seg i visse område.

Færre tap på beite

Lars Gangås er seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn og fellingsleiar i Sør-Noreg.

Han fortel at det verkar å vere rolegare på beite i år samanlikna med 2018.

Villmarkas voktere

NATUROPPSYN: Lars Gangås er fellingsleiar i heile Sør-Noreg.

Foto: NRK

– Vi var tidleg ute med å felle tre ulvar før dei rakk å gjere skade i vår, så det er kanskje derfor det er rolegare, seier Gangås.

Men han seier at det framleis er for tidleg å seie korleis denne beitesesongen blir.

– Det er meir tilfeldig med ulv, fordi dei vandrar mykje. Når det gjeld bjørn plar dei å bli meir aktive seinare i beitesesongen, seier Gangås.

Dokumenterte sauetap

Bjørn skoten

HUND: Det var denne hunden som fekk los på bjørnen og sprang etter han i to-tre kilometer før bjørnen var skoten på post.

Foto: Privat

Bjørnen i Stor-Elvdal vart skoten fordi at det den 29. juni vart dokumentert at ei søye hadde blitt skada av bjørnen ved Gåla seter i Stor-Elvdal.

Ei veke seinare hadde han forsynt seg med nok ei søye i Samdalen i nabokommunen Ringebu.

Dette fekk Fylkesmannen i Innlandet til å gje fellingsløyve på bjørnen den 10. juli.

Fellingsleiar i Stor-Elvdal Tord Strand fortel at det ikkje skal vere mistanke om at fleire bjørnar gjer skade i området no.

Kadaveret av bjørnen er no seld til Finnskogen villmarkssenter, mens skinn og hovudet skal sendast til miljøverndirektoratet.

Flere saker fra Innlandet

en gruppe mennesker som sitter ved bord

Sør-Odal får døra i ansiktet