Hopp til innhold

- Stopp lokaliseringskrigen

Det må bli slutt på lokaliseringskrigen i Sjukehuset Innlandet. Det seier styremedlem Ove Talsnes.

Brystkreft

Onsdag vedtok styret i Sykehuset Innlandet og samle all brystkirurgi i Hamar.

Foto: Illustrasjonsfoto www.Colourbox.no

Onsdag vart det bestemt at brystkreftkirurgi i Hedmark og Oppland skal samlast på Hamar. I forkant av vedtaket var det hard debatt om saka, motstanden var stor på sjukehuset i Lillehammer, som dermed ville misse tilbodet sitt.

Hedmarkingen Talsnes meiner denne prosessen har vore trist.
Stort engasjement

Les også: Kriger om brystkirurgien

Talsnes seier det har vore vanskeleg og til tider kravd sjølvkontroll å gå imot påstandane som har kome fram.

- Ein del av påstandane har vore fagleg feil og usanne, meiner han.

Forslaget om å flytta brystkreftbehandlinga i Innlandet til Hamar har skapt eit stort engasjement, særleg i Oppland. Lokalavisene har flomma over av lesarbrev frå politikarar og pasientar, og legar ved sjukehuset på Lillehammer har gjeve uttrykk for at dei meiner dei kan tilby ei betre behandling enn Hamar.

Godt tilbod

Styreleiar i Sjukehuset Innlandet, Peder Olsen, meiner det er synd om folk sit att med inntrykk av at tilbodet til brystkreftpasientar er i fare, at det nå bli dårlegare. Han legg ikkje skjul på at det til tider kan verke som om lokalisering for mange er viktigare enn kvaliteten på behandlinga.

- Fylkesgrensa er framleis der og kan av og til forstyrre debatten, men dette må vi leva med, seier han.

Til slutt vart det altså vedtatt å flytta avdelinga for bryst- og endokrinkirurgi til Hedmark. Og Talsnes, som representerer dei tilsette i Hedmark, håper at det nå vil bli slutt på den stadige lokaliseringsdebatten mellom sjukehusa i Hedmark og Oppland.