Hopp til innhold

Velkommen til produsentmøte 18. april

Eksternavdelinga på NRK inviterer eksterne samarbeidspartnarar til ei samling tysdag 18. april kl. 1600 – 1800 på Marienlyst.

NRK- flagg ved radiohuset
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

På møtet blir du mellom anna oppdatert på NRK sin nyaste strategi for TV og lyd, og vi fortel om kva for innhald NRK er spesielt på jakt etter framover.

Dersom du ikkje kan koma til Oslo denne dagen, planlegg vi mindre samlinger i Bergen og Trondheim utover våren. Invitasjon kjem seinare.

Det blir óg gjort opptak av møtet som blir send ut til dei som ikkje kan delta.

For å delta må du melde deg på via skjemaet under. Inntil to personar frå kvart selskap kan melde seg på.

Du må også bruke skjemaet dersom du kun ønskjer å få tilsend opptaket.

Påmeldingsskjema produsentmøtet

Fristen for påmelding er onsdag 12. april.

Oppmøte er kl. 1550 i RADIO-resepsjonen.

Velkommen!