NRK skal nemleg lage ein ny TV-serie der vi følgjer husbyggarar i den spanande prosessen det er å byggje sitt eige hus.
Spesielle hus
- Vi er interessert i alt frå nye hus med særpreg, ombygging frå gamalt til nytt, restaurering av gamle hus eller bruk av spesielle teknikkar. Går du med ein slik plan, eller kjenner du nokon som gjer det, vil vi gjerne høyre frå deg.
Serien skal vise heile prosessen med å byggje ein bustad, frå første spadetak til huset er ferdig. Vi følgjer husbyggarane sine opp- og nedturar på veg mot målet - deira draumehus.
Dette naturhuset blei bygd i Gildeskål i Nordland i fjor av familien Hjertefølger.
Foto: Ingrid Marie Hjertefølger /Send oss ein mail
Ta kontakt med oss på epost draumehuset@nrk.no og fortel litt om deg sjølv og hus-prosjektet ditt.