Hopp til innhold

Ungdommen gir blaffen!

- Ein kan laste ned musikk andre stader enn Pirate Bay.

Ungdom om Pirate Bay
Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Om Pirate Bay blir borte, finnst det mange andre nettstader ein kan laste ned både filmar og musikk gratis. Det meiner elevar ved Lier videregående skole. Dei trur ikkje Pirate Bay-dommen kjem til å få ungdom flest til å betale for det dei lastar ned.

- Ungdom har ikkje råd, og er ikkje villige til å betale for musikk og filmar så lenge det er mogeleg å laste ned gratis, seier dei. ,

Haakon Hennum (17) synest likevel det er bra at det er dei som står bak slike søkemotorar som blir straffa, og ikkje den vanlege mann som lastar ned til eige bruk.

Sjå kva ungdommen sjølv seier:

Video nsps_upload_2009_4_17_17_21_47_3307.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Musikarane er glade for dommen

Vokalist og låtskriver i The Jessica Fletchers, Thomas Innstø, er glad for dommen i Pirate Bay-saken.

- Dette er ein streng straff, men den er viktig. Håpet er at folk no tek til å skjøne kvifor dei skal betale for musikken dei lastar ned.

Innstø, som også er bookingansvarleg ved Union Scene i Drammen, trur ikkje folk flest forstår kor hardt musikarar jobbar for å klare seg, og synest det er respektlaust å forsyne seg av ei vare utan å betale.

Han veit ikkje kor mykje han sjølv har tapt på at musikken hans er lasta ned ulovleg.

- Det er umogeleg å seie, men dette handlar om at vi som lagar musikk skal kunne leve av det.