Det viser tal frå Finans Norge, som forsikringsselskapet If har henta ut.
Dei rår folk til å trekkje ut støpselet til grasklipparen når det lyner og tornar, og minner om at dette er like viktig som å trekkje ut leidningen til Tv-en.
– Det ser ut som elektronikken i sjølvgåande grasklipparar og ladestasjonane er utsette når det lyner, seier Benedicte Veum, skadesjef for eigedom i If.
Mobilar til lading, fryseboksar, kjøleskap og datamaskiner er også utsette når det lyner.
– Det er heldigvis sjeldan det slår rett ned i hus, men folk skal vere klare over at lynnedslag kan forplante seg i det elektriske nettet over ganske lange avstandar. Spenninga slår ut mobilar til lading, Tv-ar, kjøleskap og datamaskiner. Slike skadar er dekte på innbuforsikringa, seier Veum.
Måndag er det gult farevarsel om lyn på Austlandet mellom klokka 14 og 23.
(NPK)