Det er det velrenommerte sveitsiske sportsforskingssenteret Cies som står bak studien.
Den tek for seg speletid for ulike aldersgrupper og måler prosentdelen for kor mykje av speletida som er gjennomført av spelarar som er 21 år eller yngre.
Aller mest U21-satsing ser ein i belgiske Lommel SK og ukrainske Rukh Lviv, som i gjennomsnitt har brukt høvesvis 69,6 prosent og 64,3 prosent U21-spelarar i kampane sine.
Velkjende storlag frå Europa følgjer i form av nederlandske Vitesse (59,9), franske Strasbourg (59,4) og Salzburg (55,3). Deretter kjem Mjøndalen med ein U21-prosent på solide 54,5.
Haugesund «toppar» i Eliteserien
FK Haugesund gjer seg heller ikkje bort med 44 prosent speletid for U21-spelarar og ein 15.-plass på lista. Moss er nummer 31 med ein andel på 40,5 prosent av speletida til dei unge spelarane sine.
Rapporten er basert på ligakampar i inneverande sesong til og med 6. mai, så grunnlaget for dei norske laga er lite samanlikna med dei fleste andre seriar. 65 ligaer rundt om i verda er med i studien.
Det skal seiast at enkelte storlag hamnar i botnen av lista med 0 prosent bruk av U21-spelarar denne sesongen. Blant dei er meisterligafinalisten Inter og Serie A-rivalen deira Napoli.
For dei to øvste divisjonane i norsk fotball ser lista slik ut (prosentvis speletid til U21-spelarar):
Eliteserien:
- 44 prosent: Haugesund
- 35,9: Kristiansund
- 28,7: Sarpsborg
- 27,5: Fredrikstad
- 26,7: Viking
- 25,3: Sandefjord
- 24,1: Molde
- 22,2: Tromsø
- 20,5: Brann
- 17,8: Strømsgodset
- 15,1: Rosenborg
- 13,5: HamKam
- 12,8: KFUM Oslo
- 12,1: Bryne
- 10,3: Bodø/Glimt
- 9: Vålerenga
1. divisjon:
- 54,5: Mjøndalen
- 40,5: Moss
- 39: Ranheim
- 36,8: Sogndal
- 36,3: Egersund
- 33,3: Hødd
- 26,3: Stabæk
- 25,7: Odd
- 24,2: Raufoss
- 23,1: Åsane
- 21,9: Aalesund
- 17,7: Lyn
- 13,5: Start
- 8,1: Kongsvinger
- 4,1: Lillestrøm
(NPK)