Hopp til innhold

– Vil vere ein katastrofe for heile bygda

Både dialysepasientar og kreftpasientar mister det lokale tilbodet om sengeavdelingen på Hallingdal Sjukestugu forsvinn.

Toril Sønsteby

I dag vedtek Vestre Viken om sjukustugu blir lagt ned. Seksjonsoverlege Toril Sønsteby håpar på det beste.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Å legge ned sengeposten ved Hallingdal Sjukestugu vil vere ein katastrofe for det distriktsmedisinske senteret i dalen, seier seksjonsoverlege Toril Sønsteby.

Ho understreker at både dialyseavdelinga og avdelinga for kreftbehandling vil gå med i dragsuget, om styret i Vestre Viken Helseforetak vedtek budsjettkuttet i dag.

– Det er fint å komme hit. Det er kort reiseveg, og eg kan bu heime samtidig. Skulle eg reist til Ringerike ville eg brukt to dagar, seier kreftpasient Steinar Ørjansen til NRK.no.

Artikkelen held fram etter biletet.

Steinar Ørjansen

Kreftpasient Steinar Ørjansen seier sjukustugu betyr mykje for pasientane.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Reiseveg på 20 mil

Ørjansen har gått til cellegiftbehandling i tre månader på Hallingdal Sjukestugu. Kvar behandling tek tre timar. Hadde det ikkje vore for dette tilbodet på sjukestugu, måtte Ørjansen brukt to dagar på kvart sjukehusbesøk på Ringerike kvar veke.

Etter ei behandling hadde han ikkje vore i stand til å bli transportert dei 20 mila heim til Geilo, og måtta derfor overnatte til neste dag og ei ny behandling.

– Eg var der dei første turane, og måtte vere der klokka ni om morgonen. Eg var ferdig i eitt tida, og måtte vere tilbake i eitt tida dagen etter, fortel han.

Toril Sønsteby er seksjonsoverlege på Hallingdal Sjukestugu. Ho fortel at det er minst to typar dagpasientar som vil miste tilbodet sitt, dersom sengeavdelinga blir lagt ned.

Vi har seks dialysemaskiner, og har hatt opp mot ni pasientar som går hit tre dagar i veka. I tillegg har vi cellegiftpasientar, og det er pasientar som elles måtte reise til Ringerike eller Radiumhospitalet for å få nokre av kurane dei treng.

– Det må ikkje skje

Korleis vil det gå om dei legg ned sengeposten her?

– Da vil dei ikkje lenger ha ein lege her, og dialysepasientane er heilt avhengige av ein lege for å få dialyse. Eg synast det er sørgelig. Dette er ein fantastisk arbeidsplass, seier ho.

Kreftpasient Steinar Ørjansen håpar og trur at drifta ved sjukustugu held fram.

Eg trur det er veldig viktig for oss å ha Hallingdal Sjukustugu. Det er langt til Hønefoss og langt til Drammen. Skal folk bu i utkantane må vi ha eit tilbod her og, seier han.