Hopp til innhold

«Kroppsarbeideren» Ruth Wilhelmine Meyer

Ho leitar etter lydane. Ho har eit eige språk; syng utan ord, men med lyduttrykk. - Musikk er ein lyd som berører deg- seier Ukas P2-artist ettertenksamt.

Ruth Wilhelmine Meyer , Ukas P2-artist

Ruth Wilhelmine Meyer

Foto: Helge Reistad, hentet fra hjemmesida wilhelmine.no/

Ruth Wilhelmine Meyer er både musikar og songpedagog. Ho er opptatt av å få fram samspelet mellom kropp og stemme.

– Når du får eit menneskje til å klinge, då stemmer alt, seier ho ivrig.

Folkemusikk som inspirasjonkjelde

Songen og tonane har fylgt ho gjennom heile livet. Frå ho vaks opp på prestegarden i Vinje med naturen og folkemusikken som inspirasjonskjelde.Fra livet som ungdom med operaundervisning og det klassiske idealet, til den organiske musikken ho fann då ho studerte i Østerrike og Tyskland.

Enormt spekter

Ruth Wilhelmine Meyer har ei stemme som strekker seg over seks oktavar og har eit rikt og klangleg vokalspekter. Ho søker inspirasjon overalt der det levande uttrykker seg i lyd.Utdanning frå Orff-Instituttet ved Hochschule für Musik i Salzburg og frå Høgskolen i Bergen, Griegakademiet.

Uredd og viljesterk

Ruth Wilhelmine Meyer , Ukas P2-artist
Foto: Helge Reistad, henta fra hjemmesida wilhelmine.no/

Ho har ein bodskap, og gjennom uka kjem du nær ho og opplever heilskapen mellom kropp og stemme inne i Wilhelmine sitt eige lydunivers.

I tillegg høyrer du kvar mange av lydinspirasjonane hennar kjem i frå. Ikkje utan grunn har serien fått tittelen: ”Kroppsarbeidaren”.

Les meir om Ruth Wilhelmine Meyer

Møt Ukas P2-artist
Mandag 2. juni – fredag 6. Juni. Hver dag kl. 09.30 og 19.00.

Programleiar er Tone Jorunn Tveito